Aleine saman — Korona og kulturen

Sigri Sandberg – Krafta i ein klem

«Kan du skrive litt om det?» spør ho. Eg har ikkje sett henne på 32 år, minst. No står ho på hovudet i frontlina på eit sjukehus. I tillegg har det vore eit uventa, brått dødsfall i kollegiet hennar. Ho kjenner katastrofe i kroppen, ho sender melding: 

«Kan du skrive nokre ord om korleis menneske i djupe personlege kriser med eit større behov for menneskeleg nærleik enn nokon gong, skal handtera samfunnet der no klemming og handhelsing er bannlyst,
der ein sjølv kjenner det gå på samvitet laus om ein bryter reglane –
kor brutalt det er at ein når ord ikkje strekk til, heller ikkje kan ta i bruk fysiske kjensleuttrykk som er det vi pleier å ty til når alt er vanskeleg?”
skriv ho.

Det er ei lang setning utan punktum, og 

eg ser på hendene mine, og i hovudet dett det inn dikt, strofer,

«eg likar varmen, som går frå det eine mennesket til det andre,» syng Vamp,

og 

«så kan jeg holde rundt deg, da kan jeg holde rundt deg,» syng Sol Heilo, 

for dette veit vi, dette er noko menneska veit, det er verktøy og lindring og udiskutabelt, og det er skrive om i alle romanar og i alle songar, om ikkje direkte, så mellom linene, og alle har kjent det fysisk i kroppen: krafta i ein klem. 

«Kan du skrive litt om det?» spør ho, medan verda er av hengslene, og nettavisene skriv om krise og kjeft og krav og talet på sjuke og døde. Om songar frå balkongar, delfin i Venezia, om portforbod, stengte fylkesgrenser og hyttefolk som lenkar seg fast. Om tomme turistattraksjonar, og joggarar som sveittar og pesar andre for nært opp i trynet langs Akerselva og snart blir det vel ei eiga lov mot one-night-stands.

Prestar må vise bort gråtande folk frå gravferder.

 Og VIP-ar er direkte inne frå si eiga lysegrøne stove. Snakkar om konkursar, permitteringar og konfirmasjonar. Alkoholservering og landet stengjer, men internett inviterer til undervisning, morgonmøte, konserter og foredrag. Alle som ikkje er opptekne med videokonferanse har blitt nyheitsjunkiar eller ser på Netflix, er det rart forbindelsen bryt/læggar/hakkar?
Alt er uverkeleg, verkeleg, men vi har varmt vatn i krana, 

og Erna preikar om dugnad og fellesskap,
eg blir rørt av det – og håpar naivt på ein restart for ei verd som jo har vore av hengslene, lenge, 

«Kan du skrive litt om det?» spør ho, «kor brutalt det er». 

I eit friminutt på heimeskulen går eg ut, treff ei anna mor. Det er varm sol og snart vår. Vi held god avstand, ein meter minst, men noko manglar i samtalen vår. Han har inga naturleg byrjing eller avslutning. Og denne avstanden, manglande kroppskontakten rammar folk, ikkje berre dei i sorg, men familiar og born og vener òg.
For nokon er i karantene, andre ikkje, i same tronge husvære:
vask hendene, ikkje ta på kvarandre, vask huset, bruk kvart dykkar bad om mogleg, ikkje stryk kvarandre over håret, på kinnet, ikkje klem, ikkje host på meg; ikkje host på meg, høyrer du! 

«Kan du skrive litt om det?» spør ho.
”Det. Kunne eg og mange rundt meg trengt nokre ord om no,” skriv ho.

Og eg tenkjer at ho er ei heltinne der i frontlina, og at ho har gjort det sjølv, skrive om ”… kor brutalt det er at ein når ord ikkje strekker til, heller ikkje kan ta i bruk fysiske kjensleuttrykk,”

Kan hende er det difor eg kjenner meg så kraftlaus desse dagane. Kan hende er det difor. 

© Sigri Sandberg (2020)

Meir frå Sigri Sandberg på sigri.no

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og forfattar. Har jobba i og for norsk presse i over 20 år og skrive 10 bøker.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre