Årets nynorskbrukar

Arets nynorskbrukr 2019
Frisørkjedene Floke og Balanzera fekk prisen Årets nynorskbrukar 2019. Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm delte ut prisen under Dei nynorske festspela.

Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Nominer kandidatar til Årets nynorskbrukar

Fyll ut skjemaet med ditt namn og di e-postadresse, skriv namnet til kandidaten/kandidatane du nominerer samnan med grunngjevinga i meldingsfeltet og trykk send. Nominasjonsfristen er 14. februar 2020.

Tidlegare Vinnarar

2000

Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001

Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002

Ringstabekk skole

2003

Redaktør Martin Toft

2004

Musikkgruppa Side Brok

2005

Forfattar Kjartan Fløgstad

2006

Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007

Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008

ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010

Forfattar Maria Parr

2011

Bloggar Linda Sæbø

2012

Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013

Filosofen Gunnar Skirbekk

2014

Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015

Kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg

2016

Facebook- og dataspelomsetjar Martine Rørstad Sand

2017

Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta

2018

Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset

2019

Frisørkjedene Floke og Balanzera ved adm.dir. Irene Stana og eigar Trude Lundevall