Digitale festspel 2020

Frå ein kvit Saab i Edland til Frøken Franzen

Festspeldiktarane Stein Versto og Odd Nordstoga har hatt eit langt og fruktbart samarbeid. Versto fortel sin versjon om dette her. I essayet under får du lese om Nordstoga sitt forhold til Versto. Fredag 12. juni møttest dei til samtale, og du kan sjå sendinga her.
Foto: Stein Versto

Odd Nordstoga fortel om eit mangeårig samarbeid med Stein Versto.

Når eg tenker på barndomen og Vinje, er det ein liten detalj som trer fram. Det er køyretøya. Kanskje er det litt fordi me hadde så god utsikt over Vinjeflaten og E-76 der alle bilane fór forbi, gjerne til relativt faste tidspunkt. Eller det var fordi Vinjar, bygdas forsamlingshus, låg rett på hi sida av vegen frå garden vår. Eg hugsar at kona på Sondrisland alltid kom med ein rosa damesykkel, og mannen hennar køyrde alltid ein raud traktor utan hytte. Nesten alle i Bøgrend køyrde Fiat, av di Shellstasjonen i Bøgrend selde Fiat. Rektoren på skulen køyrde Volvo, og bytte kvart tredje fjerde år, medan på prestegarden hadde dei ein brun Volvo 240 som ein alltid blei bilsjuk av å sitje på med.

Så var det ein kvit Saab som ofte fór forbi. Har du Saab, har du tenkt at det er Saab du skal ha. Det er ikkje den vanlegaste bilen, med sine spesielle detaljar som tenning ved girstonga og så vidare. Har du Saab, er du litt fritenkar. I den kvite Saaben som susa forbi nedpå vegen med jamne mellomrom, sat Stein Versto ved rattet. Han var ung, litt eldre enn syskena mine, og eg hugsar han som litt spennande.

Eg fekk meir kontakt med Stein og den kvite Saaben då Vinje junior spelemannslag vart skipa, og eg fekk sitje på med han til Edland ein gong i veka. Det var spennande å få sitje på med ein ung og litt tøff kar, som ikkje heilt var i sama kjedelege båsen som dei andre vaksne. Eg meiner at han organiserte eit samspelopplegg med Arve Moen Bergset på fele og nokon andre gutar på gitar, i tillegg til elbass. Dei spelte «Honningblomst» («Honey Pie») av the Beatles på ein elevkonsert, og det hugsar eg enno som noko eg verkeleg blei tent av.

Dette var noko anna, dette var noko som svinga. Eg hadde veldig lyst til å vera med på slikt som det.

Men det måtte vente litt. Vinje juniorspelemannslag var ikkje slik som det. Stein lærde oss gamaldansar, ikkje slike vanlege du høyrer med trekkspel, men gamaldanssstoff laga på hardingfele. Det var E-dur og E-dur og E-dur, ein håplaus toneart for trekkspel, men til slutt så blei eg no fortruleg med felespelaranes evinnelege H-stemte fele, og no synest eg det er stilig at me lærde såpass sært stoff som dette eigentleg er. Langt frå Titanofestivalen, men likevel enklare former enn den reine slåttemusikken.

Etter kvart var det også Stein som introduserte oss for blues. Eller, eg hadde vore på besøk til syskenbarnet mitt i Geneve og lært ein Led Zeppelin-blues. Stein snappa nok opp det, og let oss få litt friare tøyler. For min del så blomstra eg litt då, må eg seie. Det var kanskje ikkje så mykje å blomstre for, men det var definitivt å skli spelemannslaget inn på min banehalvdel. Eg veit ikkje om det var så lurt for spelemannslaget, for etter ei tid glei det over i Gamlevegen Blueslag med nye medlemmar, ingen lærar og lånt Music Man-elgitar, der eg spelte eviglange soloar, som nok ikkje var så mykje å høyre på. Men me var i alle fall sjølvdrevne, og eg hadde i alle fall fått tent ein glød for musikk og samspel.

Det er ikkje sikkert det hadde blive slik om ikkje Stein hadde halde opp ljoset litt, oppmoda på sin stillferdige måte, så ein kunne finne vegen sjølv. Dette siste er jo eit trekk ved Stein som er litt sentralt, tenker eg. Og eg vil kom litt inn på dette seinare.

Frå Gamlevegen Blueslag gjekk vegen min til folkehøgskule, militæret og studietid i Bergen. På folkehøgskulen oppdaga eg ei lyst til å gjera låtar. Og kanskje også eit visst blikk for det. Om eg ikkje greidde å unngå å bli dumpa, så klara eg i alle fall å lage ein låt som framkalla ei lita tåre i augekroken til dumparen. Så laga eg «Fuggel i karmen». Ja, eg laga ein del songar og idear som hadde litt identitet over seg. Eg trur det. Tekstane blei vel litt slik ein var på den tida. Litt småfilosofiske og påverka av alt frå ex.phil. til forelsking sikkert. Eg minnest ikkje heilt sikkert korleis eg kom til å tenke på å spørje Stein om han hadde tekstar. Men det var nok litt for at eg hadde lett for å både få ut ting i form av arrangementsidear til folkemusikkstoff (Blåmann Blåmann), og eg fekk til å lage noko som hadde substans og blei bra og nådde fram på til dømes plata Nivelkinn.

Eg hadde litt sans for å treffe stemninga i tekstar med musikken eg laga. Men å lage tekstar kom ikkje like lett, og heldt meg litt attende. Det er jo ikkje så rart. Folk som blir gode til å skrive har jo ofte hatt ei dragning mot pennen sidan dei var på barneskulen. Den dragninga har eg hatt mot gitaren. I alle fall så tenkte eg på eit tidspunkt at eg trong tekstar, og sidan eg visste at Stein var forfattar, og at han delte ein del av min smak og mine referansar – amerikansk singer songwriter-tradisjon – så spurde eg han om han hadde noko eg kunne prøve å bruke. Då fekk eg mellom anna «Orda du gav meg», som går slik:

Orda du gav meg var vinter og snø
Sommar og blomar min vin og mitt brød
Orda eg fekk vil alltid stå
Dette er songen eg fester dei på

Du stod ein dag på trappa og smilte til meg
Mitt rom vart bustad for dine steg
Slik fekk eg orda av rørsle og ro
Orda er alt eg kan halde kring no

Når melodiane blir til, kjennest det gjerne slik at dei ikkje er der. Og så er dei der likevel. Eg sette meg vel ned og såg raskt på teksta, og så prøva eg berre intuitivt og synge og spela meg gjennom. Men så snart ein byrjar å synge, byrjar musikkens lovverk å gjera seg gjeldande. Etter så og så mange repetisjonar av eit motiv treng ein nokre friske vendingar, etter så mange vers treng ein eit slags refreng, eller noko å kvile litt i. Men då eg jobba med Aslaug Vaa-dikt saman med Øyonn Groven Myhren, viste ho kor utruleg verknadsfullt det kunne vera å ta oppatt linjer, finne på litt tralling imellom og setje teksta inn i musikalske former ein kjende att frå andre stader.

Og denne nyvunne kunnskapen gjorde eg meg nytte av på «Orda du gav meg». På eit tidspunkt tok eg meg også den utruleg dumme fridomen å finne på namnet Ingebjørg til den songen vende seg til. Slik fekk eg eit refreng – «Ingebjørg, Ingebjørg» – og heldigvis fekk eg ikkje lov til av forfattaren å gå vidare med ideen. Etter den tid har eg vore meir forsiktig med slikt. Men litt repetisjonar blei det, og eit mellomspel. Eg meiner desse grepa breier ut diktet litt og gjev det ein slags musikalsk heim, utan å gjera så veldig mykje med korleis diktet utrykker seg i seg sjølv. Slik blei det:

Orda du gav meg var vinter og snø
Sommar og blomar min vin og mitt brød
Orda eg fekk dei vil alltid stå
Og detta er songen eg fester dei på
Det her er min song, detta er songen, detta er songen eg fester dei på.

Du stod ein gong her på trappa hjå meg, stod her på trappa og smilte til meg.
Mitt rom blei bustaden for dine steg, frå den gongen på trappa du smilte til
meg.
Slik fekk eg orda av rørsle og ro
Orda er alt eg kan halde kring no

Dette blei noko det kunne gjerast meir av. Og meir har det blive. Plata Pilegrim er basert på tekstar av Stein og Ragnar Hovland. Seinare har det dukka opp tekstar både her og der.

Sjølvsagt er det mykje meir å seia om tonesetjing. Slik eg ser på det, handlar det veldig mykje om kjensler. Ein må treffe dei kjenslene som ligg i teksta, med akkordar, form og melodi. Er teksta ein vals? Er det ein polka? Er det dur eller moll, fort eller seint? Har ein ikkje treft fyrste gongen på dette, må ein prøve ein annan dag. Finne ein inngang, er vel ein måte å seia det på. Har ein den, er resten handverk. Har ein ikkje den, blir det aldri bra.

«Borga i Ur« låg teksta på pulten min i alle fall i eit halvt år før eg fann denne inngangen, og mykje av arbeidet med slik tonesetjing ligg rett og slett i å skjøne når du har funne inngangen, kjenne at det funkar, at du er på same bylgjelengde som teksta. Neste oppgåve er å finstemme melodien; verkar den lina best om ein går oppover? Det ordet, om eg lyfter det ordet litt, kva seier det då? Kva uttrykker det? Dette handlar mykje om spenning. Eit grunnleggande verkemiddel i all musikk. Lars Lillo Stenberg set jo bokstaveleg tala ord på det:

Livet er en liten dings, livet er en stor klump, det er alt som jeg kan si, men har du noen gang hørt slike forløsende ord.

Dei forløysande orda kjem nett der spenninga i musikken blir løyste opp i akkordverdas forløysande «tonika«. Men når ein lagar musikk til eit dikt, så gjer ein også meir enn dette. Ein tek skrivne liner ut av ei bok og set dei opp på ei scene. Der får teksta kropp og uttrykk i form av ein artist. For at det skal fungere, må det helst vera slik at denne ikkje refererer ei tekst med ein påsett melodi, men at alt dette samankomponerte høyrest ut som noko som kjem rett ut frå hjartet.

Slik sett er det å lage songar av tekstane til Stein nett det same arbeidet som ein skodespelar ville gjort. Skodespelaren set ein karakter på teksta. Eg gjer det same, men karakteren min spelar og syng. I heldige fall trur eg denne karakteren set kjøt og blod på stoffet og hjelper lydaren inn i teksta. Gjer ein gale, eller er for brautande og lite audmjuk, kan ein stenge teksta inne i eit mørkt rom og øydelegge ho.

Denne karakteren min, som syslar med Stein sine ord, er definitivt trubadur, og mange gonger har det vore Bob Dylan som har luska litt rundt i bakhovudet. «Frøken Franzen», til dømes, der har eg herma litt akkordar, skal eg gladeleg innrømme. På «Borga i Ur» er det ein slektning av «Girl from the North Country» som uttrykker seg. Eg er ikkje så redd for slikt. Paul Simon har også vore på besøk i skrivestoga. Joni Michell var på besøk når eg laga «Svingensongen». Det trur eg ingen har tenkt på. Det er ikkje farleg å herme. Det som er viktig, er at ein ikkje hermer så godt at songens «eg» ikkje blir seg sjølv. Alt ligg i autentisitet og truverd. Men no er me over i formidling, og det skal me ikkje gå lenger inn på her, anna enn å seie at ein kan øydelegge mange gode tekstar med å føle dei i hel inn i mikrofonen.

Stein sine tekstar – og Stein i seg sjølv – har hatt mykje å seia for meg oppigjennom. Men det har også vore litt motstand der. Eg treng ein single, eg treng tre minutt og tredve sekund, eg treng ein liten artig sak, eller noko veldig enkelt som passar på reiseradioen i ei campingvogn på Larkollen. Så kjem det ei tekst om ein engel (og det er ikkje den engelen som Admiral P syng om), eller det kjem ei stor tekst som på forunderlegvis set inn juleevangeliet mellom fjell og gardar i Vinje («I denne helga kveld», red.m.), på fleirfaldige vers, men så reinskore at det ikkje går an å stryke eit komma. Dermed må det bli ein lang og episk anlagt song som aldri kjem til å bli spela på radioen. (Men jammen har den blitt det likevel!)

Det er ikkje lettbeint poplyrikk som kjem frå den kanten. Av og til har det vore med eit lite, tungt sukk eg har starta å leita etter denne tidlegare nemnde inngangen. For her hadde eg tenkt meg å sikte på laurdagskvelden på Øyafestivalen. Så kjem Stein og slår opp døra til ein sundagskonsert i eit av sideskipa i Nidarosdomen med få, men åndeleg engasjerte damer mellom førti og seksti i publikum. Nokre gonger har eg ikkje fått det til heller. Eller så har det ikkje vore plass på plata til ein av desse songane. Slike ting som dette har eg vel aldri snakka med Stein om. Me er begge litt for audmjuke og konfliktskye til det – på utsida. Men på innsida har me begge sterke viljar. På eit vis har eg funne ut at det i Steins milde vesen også går ein strek some stader, og den streken er ikkje streka opp med blyant.

Så krev det også eit ope sinn å gje seg i kast med den lyriske verda til Stein. Han skriv ofte spirituelle tekstar, og det kan vera litt vanskeleg å kople seg på hans univers. Ein kan kjenne litt på skepsis, og kanskje litt på at ein sjølv ikkje er der det verkar som teksta er. Det er kanskje litt av slike grunnar at vårt samarbeid har blive ein liten eigen hage i ytterkanten av der me syslar og spar kvar for oss mesteparten av tida. Eit ope møte mellom tekst og musikk som ikkje har krav om å fungere på anna vis enn sitt eige.

For det som er så rart ved å dukke inn i tankane til Stein – og ved å møte tekstane ikkje med den skeptiske, sekulære og trauste tanken sin, men med eit ope sinn og med musikkens abstrakte men likefullt så enkle språk – så kan det liksom skje noko av og til. Det blir oppretta ein kontakt der. Og om ikkje låten fører deg til Øyafestivalens laurdagsprogram, så kan du tenke noko du ikkje har tenkt før.

Til dømes kan ein tenke at eit omgrep som «Verda er ny», tenke på vona som ligg der og sjå livet sitt på ein litt annan måte, og kanskje sjå blomar springe ut med ei større og djupare glede. Eller denne situasjonen i «Seglar», som tek deg liksom ut av denne verda og set deg i ein slags vektlaus tilstand, utan at det er skummelt. Kanskje teksta stryk ut skiljet mellom dag og natt, død og liv, det uendelege og det avgrensa. Eller at i alle fall teksta peikar på noko i den retninga. Det er mange slike ting i Stein sine tekstar som kan vekkje noko i deg, som du ikkje heilt visste om. Det er også ein kvalitet, og noko eg er takksam for å ha fått oppleva gjennom samarbeidet vårt

Ein kunne kanskje tru at eg og Stein er nære kompisar og eit låtskrivarpar av det konvensjonelle slaget. Det vil eg ikkje seie. Stein er ikkje låtsnekkar, han er diktar, spelemann, han har lese og kjenner til meir enn dei aller fleste om gamle visdomstradisjonar, og er inne i åndelege retningar og tema som eg ikkje kan nokon ting om. Men me har denne vesle arenaen me møtest på, og gjennom den har me ein slags dialog. Den er litt merkeleg, men veldig fin. Eg trur me utfyller kvarandre ganske godt, og hans tekstar og mine melodiar tener kvarandre.

Mange som kjenner Stein vil truleg fylgje meg på at han er ein mann som held oppe ljoset. Så kan du gå inn den gangen han lyser opp, om du vil. Han er eit mildt vesen, slik eg kjenner han. Men han har mykje for seg, og har stor visdom om mange ting. I songtekstane hans, som eg kjenner best, heng det lamper og lyser opp sider ved livet og verda som ein ikkje kan lesa om på VGs nettsider, for å seia det slik.

Og om ein let seg leva inn i det, og let seg føre med av orda hans ut i det som kan synest som det ukjende, så ligg det ofte snublande nær hjartet der Stein lyser med dikta sine.

Odd Nordstoga, artist, komponist og tekstforfattar som syng på nynorsk og dialekt. Med Kveldssong (for deg og meg) vart han populær hos dei lyttande massane, og han har sidan vore ein folkekjær artist. Nordstoga er festspeldiktar saman med Stein Versto i 2020

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre