Filmpremiere i Ivar Aasen-tunet

Stillbilete frå filmen UTSYN | samsyn. Foto: Atle Vasbotn Remmereit

Søndag 8. november kl. 13 er det premiere på filmen «UTSYN | samsyn». Filmen er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Einy Åm Sparks og Ørsta og Volda Ballettskule. Dette er den andre filmen som er laga i høve 20-årsjubileet til Ivar Aasen-tunet.

Under arrangementet får ein både sjå den første filmen «UTSYN» og vere med på premieren på oppfølgjaren «UTSYN | samsyn». Koreografien i begge filmane tek utgangspunkt i Ivar Aasen og arkitekturen til Sverre Fehn i Ivar Aasen-tunet.

– I tillegg rammar vi inn det heile med ein spennande samtale mellom Einy Åm Sparks og koreograf Solveig Styve Holte, som har tankar og refleksjonar om møtet mellom dans, film, språk og arkitektur, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet Tone Slenes.

Koreograf og dansekunstnar Einy Åm Sparks står for koreografi, regi og produksjon, og ho har utarbeidd filmen i samarbeid med Ivar Aasen-tunet og Ørsta og Volda Ballettskule. Produksjonen er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk kulturfond.

Arrangementet er ein del av programserien Etterspela. Det er gratis å delta, men for å sikre seg ein plass bør ein melde seg på i forkant ved å sende namn og telefonnummer til post@aasentunet.no. Det er avgrensa plass i Salen på grunn av smittevernomsyn, og arrangøren tek atterhald om endring pga. smittesituasjonen.

Det blir framsyningar av «UTSYN | samsyn» (12 min) i Salen resten av dagen, og i etterkant blir filmen tilgjengeleg på nynorsk.no.

Einy Åm Sparks (f. 1978) er film- og dansekunstnar og driv firmaet EyeKnee Coordination. Ho er frå Volda og er utdanna i London. Med New York som base i mange år har ho skapt fleire danseframsyningar og filmarbeid som har vore viste både i Noreg, USA, England og Japan. Nyleg fekk ho tildelt midlar frå Sparebankstiftelsen SMN.
Meir informasjon på eyekneecoordination.org

Solveig Styve Holte (f. 1984) er dansar, koreograf og for tida stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ho arbeider med å utvikle ny forståing av forfattarskap i dansekunst og ulike tilnærmingar til delte arbeidsstrukturar og historiske arkiv. Produksjonane hennar er presenterte ved ei rekkje sentrale scener og galleri i Noreg og Skandinavia. Holte er medredaktør for den nordiske antologien KOREOGRAFI, gitt ut i 2016 og 2018, med ny utgåve i mai 2021. Holte er sidan 2020 busett på Folkestad, der ho arbeider med å utvikle eit koreografisk senter i eksisterande gardsbygningar.