Fotball og felleskap

Nils Henrik Smith og Finn Tokvam. Foto: Ina Strøm / Eivind Senneset

Nils Henrik Smith er aktuell med boka 11 meter. Straffesparkets historie. Her skildrar han det som kanskje er dei mest einsame augneblinkane i fotballen: når fotballspelaren står der uendeleg åleine og skal ta det avgjerande straffesparket. Fotball tyder fellesskap for dei fleste, men denne våren vart det mest einsemd det gjekk i. 

– Utover menneskelege primærbehov er det ingenting eg deler med fleire enn kjærleiken til fotballen, skriv forfattar og journalist Nils Henrik Smith i boka 11 meter. Straffesparkets historie. Fotballen tilbyd ei kjensle av fellesskap, ein fellesskap som brått vart riven vekk då koronaviruset spreidde seg verda over. Fotballen spelar ei viktig rolle verda over, i alt frå små lokalsamfunn til store byar og nasjonar.

I oktober reiser fotballskribent Nils Henrik Smith rundt på turné på Vestlandet for å snakke om fotball og fellesskap. Han byrjar på Voss, der han skal samtale med sportsjournalist Ørjan Brattetveit frå Avisa Hordaland. På turen vidare får han med seg forfattar og journalist Finn Tokvam, og ruta går innom Jølster, Sandane og Ålesund. I Ålesund får dei også med seg Lars Arne Nilsen, som nyleg tok over trenarjobben i Aalesunds Fotballklubb.

Turnéen «Fotball og fellesskap» har fått støtte frå Vestland fylke og inngår i den nasjonale satsinga til Nynorsk kultursentrum, som Hauge-senteret er ein del av. – Vi er glade for igjen å kunne tilby kultur og kunnskapsformidling i fleire fylke seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Hauge-senteret.

Forfattar Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for Manhattan Skyline i 2007. I 2009 fekk han Rogaland Mållags målpris for den kritikarroste romanen Austerrike, og i 2014 kom romanen Se ilden lyse over jord. Smith er fast skribent i fotballtidsskriftet Josimar, og han er for tida bokaktuell med 11 meter. Straffesparkets historie. Journalist og humorist Finn Tokvam er kjend for dei fleste som programleiar i NRK. – Vi ser fram til spennande samtalar om fotball, fellesskap og nervepirrande situasjonar, seier Guro Ljone, formidlar ved Hauge-senteret.

 

 

 

 

 

 

 

 

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre