Gaute Eiterjord fekk prisen Årets nynorskbrukar

Bilete av Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal saman med Årets nynorskbrukar 2022 Gaute Eiterjord.
Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal saman med Årets nynorskbrukar 2022 Gaute Eiterjord. Foto: Nynorsk kultursentrum

Det var ein glad og ærefull Gaute Eiterjord som fekk prisen «Årets nynorskbrukar» 2022 under opninga av Festspela i Aasentunet torsdag 9. juni. Han fekk prisen for å setje dagsorden i klimasaka på nynorsk.

– Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå, og difor skal me ikkje kappa toppen av dei, sa årets nynorskbrukar Gaute Eiterjord, då han fortalde kvifor han gjekk over til å skriva nynorsk.

Eiterjord er klimaforkjempar, naturvernar, tidlegare leiar i Natur og ungdom og forfattar av boka Klimaopprøret. Han var ein av dirigentane bak skulestreikane og klimasøksmålet mot staten. I 2019 tok han imot Fritt Ords pris på vegner av Natur og Ungdom, i lag med Greta Thunberg, for arbeidet deira med å gjere miljøkampen handlingsretta. Eiterjord brukar konsekvent nynorsk på Twitter og Instagram.

Prisen, som er på 100 000 kroner og eit diplom, blei delt ut av styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal.

– Ein slik pris kjem godt med når ein driv i naturvern-bransjen, sa prisvinnaren.

Allereie dagen etter han fekk prisen skal han møte i Sogn og Fjordane tingrett for å ha demonstrert for ein rein Førdefjord, der han reknar med å få ei bot.

– Klimasaka er viktig for både oss og resten av verda, og å gi han prisen vil vere med på å løfte fram både språk og klima. Vi treng språk og terminologi for å omtale verda rundt oss på vårt eige språk, og til dette bidreg Eiterjord med å skrive om klima på nynorsk, både gjennom bokutgivinga og i sosiale medium. I tida vi står ovanfor, der ytringsfridom og tilgang til fri og uavhengig kunnskapsformidling er eit stort problem i land nær oss, kan det også løftast fram at ytringsfridom i skrift, tale og handlingar er heilt grunnleggjande i eit demokrati, sa Sandal i grunngjevinga.

Etter prisutdelinga deltok Gaute Eiterjord i ein samtale om språk og klimakommunikasjon i Aasentunet. Her fortalte han at det var ei rettferdskjensle som gjorde at han tok til å engasjere seg i klimasaka og organisasjonar som Natur og ungdom. ­

– Det er mange saker i verda med urettferd, og då må vi som er så heldige og har moglegheit til å hjelpe andre, gjere det, sa Eiterjord.

Då han som femtenåring ved Kannik ungdomskole la om frå bokmål til nynorsk fekk han eit meir bevisst forhold til språket. – Eg måtte tenkje meir over setningsoppbyggingar og at setningane ikkje skulle vere lange og kompliserte. Det eg skriv har dermed blitt mindre finurleg og eg brukar mindre vanskelege ord, fortalde den unge klimaforkjemparen.