I samband med opninga av Vinjesenteret for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi.I teksten nedanfor tek Hilde Lysengen Havro fatt på temaet. 

Aasmund (203) bygde hytte ved Bygdin – Har aldri angra!

Sidan slutten av 1800-talet har hyttebyggjinga skote fart i Noreg. Mellom steinar, brear

og tindar ved Bygdins breidder har Aasmund Olavsson Vinje (203) frå Vinje bygd ei tradisjonsrik, men nøktern bu.


Eidsbu, Jotunheimen, 17. Mai 2021.
 Lang og blank strekkjer Bygdin seg mellom dei bratte tindane på nordsida og berga der sør, avrunda av isbreane som rulla over landskapet for tusenvis av år sidan. Tok med stein. La att stein.

 

– Det er så så mykje stein her at det her at det er nok for fleire livstider.

 

Mannen som snakkar er ikkje kven som helst. Han blir gjerne kalla Jotunheimens far.  Ein brytningsmann mellom natur og kultur, mellom bygd og by. Mellom respekt for og kjærleik til fekarar og reinsgjetarar, samstundes uforståande til bønder som ikkje har teke til seg naturens prakt.

Her ved Eidsbu i Vang i Valdres har Aasmund Olavsson Vinje frå Vinje funne hytteparadiset. Her har han slege rot og bygd seg ei bu.


– Ein augustdag i 1865 stod eg på Støgonøse på Filefjell. Det er den same toppen som I. C. Dahl kleiv opp på 15 år før meg for å måle utsynet mot Suletind. Jaja men sann, han måtte bli boren ned att fordi han var så skral. Det måtte ikkje eg. 

 

Vinje harkar og spyttar, og mimrar om dagen då han forelska seg i fjellområdet han sjølv seinare skulle namngje. Eit drag av sakn fêr over andletet ved minnet om alle turane. 


– Mang ein gong har eg vorte rodd over Bygdin, frå Raudfjorden i vest til Eidsbue. Eg har gått opp gjennom Hadeland og Land, til valdrisen. Visste du at han var kvekare i målet og skrotten enn landingen? Jaja. Eg har truffe mangt eit fe, og nokre folk på turane. Eg ville byggje meg ei bu her oppe mellom fjella, med utsyn over Bygdin.
 

Vinje fortel om dei fyrste fotturistane, som måtte overnatte i småe steinbuer brukte av karar som gjette, fiska og sanka, som skaffa familien mat på bordet. Eit måteleg hardt liv, meiner Vinje. 

– Er det å nyte naturen eit overskotsfenomen? 

– Du er ikkje anten kultur eller natur, dei er ikkje motpolar slik at du anten kan like det eine, men ikkje det andre. Fjella kan gjera hugen glad, om slitet er tungt. Rundt om meg kunne eg sjå villmark, reinbeite og felagar som låg i fjellet og passa buskapen. I småe, småe steinhytter låg dei, og var kalde og skjelvne. Nei, mannen treng ei eiga bu, tenkte eg, då eg så reingjetarane krype ut or steinholene sine som mark ut av jord. 

– Har dei ikkje tenkt slik i all si tid, hyttefolket?  

–  Tja, seier han, som gjerne skulle sete på Falketind og skoda ut over halve Sør-Noreg. 

Karen stabbar staven i bakken. Spyttar ut ei snusklyse, og opnar ølflaska frå det lokale bryggeriet nede i dalen. På ein pinne festa til sekken heng ein grøn gore tex-anorakk. Han kunne knytt den rundt livet, men likar å ha noko liksom hengjande til tørk. 

– Paradokset er når så mange søkjer til fjells for å vera åleine at ein ikkje lenger er åleine. 

Opp gjennom Valdres har han gått mang ein gong. Forbi gardstun og over enger. Sveitta og frose, ledd og prata. No er beitedyra erstatta med Teslaer, og liene dekte av hytter på 150 kvadratmeter med breiband i veggen og varmekablar i innkøyringa. 

–  Kva tenkjer du om hyttebyggjinga? 

–  Kva eg «tenkjer»? Kva er det med dagens journalistar, fattar de ikkje at folk ikkje berre tenkjer, men også tykkjer eller meiner?  


–  Kva tykkjer du om hyttebyggjinga, då. 

–   Eg tykkjer no mang og mykje, og meiner endå meir, seier han. 

Irritert ser han ut over landskapet og snøen. Nokon har nyleg køyrd skuter her. Er det villmannskøyring eller rekreasjonskøyring? Er det berre dei som søkjer fjellheimens tagale tindar som kan bruke naturen? 

– Det har vorte mange av dei. Hyttene, meiner eg. For mange, tykkjer eg nok, og. Men kapitalen, han rår! Eg måtte ha panta mitt liv om eg skulle bygd hytte i dag. Min pung var så lite sterk. Lønsamt er det ikkje å vera daud diktar og bladfyk! Ikkje hadde det vore så lett å få med dei tre andre herrane, heller, han Hagbart, Ernst og han Reinholdt. 


– Kva ville du føretrekkje at naturen var, ein stad for bruk eller ein stad for vern? 

–  Ein skulle mest tru at naturen har ei eiga stemme. Men det har han ikkje, og nokon må vera røysta åt naturen.  


–  Men det er vel lite forsonande over debatten om vern eller bruk av naturen?  

– Bruken av naturen har endra seg, er meir inngripande. Me låg godt i fjellet med folk og fe og Lenda frå land. Fjellet heilar og forsonar, men ikkje for ein kvar pris. Urøyrd natur kan vanskeleg pris-setjast i eit økonomisk system, i motsetnad til innkoma frå fjellet. Kva er det no, dette omgrepet de brukar i dag. Berekraft? Bereevne? Har naturen kraft og evne til å bera dagens bruk? 


Han sukkar, tungt og trøytt. Dette evige ordskifte om natur og kultur. Mellom turist og brukar. Tru om han Vinjeguten hadde bygd bue si, om han hadde visst korleis det vart – på kvar ein haug, opp over kvar li, i kamp med beitedyr og fotturistar og alle som berre ville vera åleine i fjellheimen. 
 

–  Som sagt, du er ikkje åleine i fjellheimen lenger, seier han og tek endå ein slurk øl. 

– Men sanneleg om eg veit eg hadde bygd ei bu, om eg visste korleis det ville bli.

Share on facebook
Share on twitter