1859 Minningar fraa maalstriden. 02 Andre røda

Ivar Aasen

(Or same Blad og same Stykke.)

Der er talat um, at Bondemaalet skal vera ført og kvæmt til at maalgreida alt, som vera kann; men det er ein daarleg Tale. Det grunnar seg paa den falske Fyresetningi, at eit Folk av fri Vilje skulde velja sitt boklege Meddeilings-Midel og soleides kunna spyrja etter, kvat som var det kvæmaste til at maalgreida alle Ting. Um Bondemaalet endaa var aldri so rikt og bøygjelegt, so vilde det daa hjelpa litet, so lenge det inkje røynlega (factisk) er det Maal, som me (!) tala, og som me hava fenget vaar Upplæring i. Og dernæst hever det inkje den Førleike, som ein maa krevja av eit Kultur-Maal paa denne Tid, av di det inkje hever fylgt med Kulturen elder fenget den Tilvokstr og Dyrkning, som høyrer til vaart noverande Kunnskaps-Stig. Dei forbyta her kvat Maalet er, med kvat det kunde vordet. Den gamle Norsken var god fyre si Tid, men hans Tid er longo sidan forlidi, og i Staden fyre at fylgja med Tidi og utvidka seg framleides, er han innskrokken og samansokken til eit Bondemaal, som no naturlegvis inkje hever Ordalag fyre annat en dei Ting, som høyra til Bondelivet, og yver Hovud fyre dei Tankar, som kunna fella inn i Bondens tronge Umkverve.

UMRØDA

Her er daa Talen komen inn paa Landsmaalet; for det er det, som her er kallet «Bondemaalet». Det vilde vera myket at svara paa denne Røda; men me ljota taka alt paa stuttaste Maaten, so at Folk maa lesa det og inkje leidast.

Um den sokallade «falske Fyresetningi», at eit Folk skulde sjølv kunna velja seg eit Bokmaal, kunde der vera ymist at segja. Me vita vel, at der er altfor mange Folk elder Landslydar, som inkje hava fenget Lov til at velja det Bokmaal, som dei helst vilde hava, av di at framande Herrar hava lagt Landet under seg og teket alt Valdet til seg, so at Landsens Folk hadde inkje til at raada. Det var Ovriket (Tyranniet), som gav Landet sin Skipnad og raadde so lenge, at baade Maalet og mangt annat var sett i det Lag, som Hovdingarne vilde. Men den norske Landslyden hever inkje voret sundrad ved nokon Folkafluttning elder underkugad av nokon framand Herstyrke; og um han endaa hever stadet under framandt Herredøme og lidet mange Tap ved det, so hever han daa korkje tapat sitt Maal elder tapat Retten til at dyrka og hevda det, likasom i gamle Dagar. Og um andre Folk hava lidet Urett og lotet finna seg i det, so er det inkje dermed avgjort, at vaart Folk skal gjera det same.

Naar her no er ein Hop, som kann segja, (som her stend), at «Bondemaalet er inkje det Maal, som me tala, og som me hava fenget vaar Upplæring i», so er det vel merkande, at her er ein annan og myket større Hop, som kann segja nokot annat. Denne Hopen hever ogso fenget Uppseding og Lærdom paa sin Maate; hadde han inkje det, so hadde han inkje voret so greid til at eigast med, som han er. Det maa me vita, som ero komne av denne Hopen og hava fenget vaare beste Lærdomar fyre Livet av Bygdarfolk, som aldri hadde talat Dansk i sine Dagar. Det kann henda, at einkvar vil segja, at dette var ingen «Kultur», og det kann og vera, at desse Folk hadde liten Kunnskap; men det kann ogso henda, at det framande Bokmaalet var ei Orsak hertil, og at denne Kunnskapen hadde vordet myket større, naar desse Folk hadde havt Bøker i eit Maal, som dei kunde kjennast ved og hyggja seg til.

Og no faa me høyra den store Setningi atter, at det norske Maalet er uduglegt, av di det «inkje hever fylgt med Kulturen» elder fenget den Rikdom, som høver til vaar Kunnskap i desse Tider. Me hava høyrt dette fyrr og fraa fleire Kantar, og det seer ut til, at desse Folki tru, at dette skal vera den verste Meinstøyt fyre oss, den verste Stein i Vegen vaar, som me aldri kunna stiga yver. Difyre skulo me her sjaa etter, kvat denne Setningi kviler paa, og eg vonar, at me skulo visa, at ho ligg alt for laust til at hindra oss i vaart Framføre. Vaart fyrste Spursmaal er: Kvat Maal er det, som Norsken her skal kappast med? Var det Fransk elder Tydsk, so vilde desse Folki hava myken Rett; for det vantar oss myket imot den Ordmengdi og Førleiken, som desse Maali hava. Men no er det korkje Fransk elder Tydsk, som dette Maalet kjem i Kapprenning med; det er Dansk, som desse Folki setja upp imot Norsken, og difyre er det Dansken, som me her skulo skoda paa. Og korleides hever no Dansken fylgt med Kulturen? Korledes hever han greidt seg med at fylgja dei andre Maali og tolka alle deira Ordalag fyre dei nye Skilningar, som fylgde med ein rikare Kunnskap og ei høgre Tenkning? Naar me sjaa etter dette, so finna me mesta berre laant og framandt Gods i alle Krokar. Det er kunnigt, at den høgre Kunnskapen er komen sunnantil, og at det var dei sudlendske Maali, som fyrst vordo rettelega utgreidde. I nokor Tid var Fransken vyrd som ei Mynster paa eit fullkomet Maal; men paa same Tid hadde ogso Tydskarne drivet sitt Maal til ein stor Fullkomenskap med hagleg Bruk og Nytting av alle dei Røter og Former, som funnost i Landsens Maal, og med Avleiding og Samansetning til nye Ord fyre alle nye Skilningar i Kunnskapen. Dette var just det, som dei danske Bokmennerne skulde gjera i sitt Maal; men anten maa dei hava funnet for litet Emne i Maalet, elder og hava dei voret for litet kunnande til at gjera dette Verket; for det kann inkje dyljast, at det er nokot kleent gjort. Det seer ut til, at dei oftaste hava stadet so faste, at dei inkje visste onnor Raad en at taka det framande Ordet inn i Maalet. Me taka oss her nokre Exempel til Prøva paa Framgangen. Me vita, at Holberg og hans Samtidingar brukte mange Ord av fransk og latinsk Uppkoma, som sidan ero komne ut or Bruk; her er det Gaman at sjaa etter, kvat som er komet i Staden fyre desse Ordi, og daa finna me jamt og samt, at det er tydske Ord, som hava fenget Yvertaket. I Staden fyre «Modestie» hadde Tydsken Bescheidenheit, og dette vardt i Dansken til Beskedenhed(so illa det endaa maatte klinga i dette Maalet); i Staden fyre «Passion» hadde Tydsken Leidenschaft, og dette vardt her til Lidenskab;i Staden fyre «Applaus» hadde Tydsken Beifall, og dette vardt her til Bifald; i Staden fyre «public» hadde han öffentlich (): openleg), og dette vardt her til offentlig; i Staden fyre «regulair» hadde han: regelmässig (dvs. regelmaatig), og dette vardt i Dansken til r egelmæssig. [1] Ofta hever det ogso gjenget so til, at baade det tydske og eit annat framandt Ord hever vordet standande med ein liten Skilnad i Tydingi; og soleides faa me stundom slike haarfine Greidingar som f. Ex. at «Indbyggere» er Folk i eit Land, men «Indvaanere» (T. Einwohner) er Folk i ein By; at «Baade» er eit gamalt Namn paa Vinning, men «Gevinst» (Tydsk) er Vinning i Spel, og «Profit» (Fransk) er Vinning i Handel, o.s.v. Dei tydske elder halvtydske Ordi verda inkje eingong reknade som framande elder innførde i Framandordbøkerna (og ellers vilde no desse Bøkerna hava vordet alt for myket store); sume av deim hava ogso fenget ei liti Avklipping elder Umforming, so at dei inkje sjaa ut som tydske; f. Ex. Sprog (Sprache), Fornuft (Vernunft), frygte (fürchten), bedrage (betrügen), vidtløftig (weitläufig). Slike Ord tykja me vera dei leidaste av alle; for det er endaa ei Trøyst med dei Ordi, som ero ei Sameiga fyre fleire av dei mest kunnande Folkaslagi (so som Ord av latinsk Uppkoma), men med slike Ord som desse halvtydske er det ingi Trøyst; dei ero inkje rett danske, og dei ero helder inkje nokot annat; dei ero inkje nokor Eign (Eiendom) fyre Landslyden, og dei ero helder inkje nokor Sameign fyre fleire Landslydar; dei stydja seg berre paa den Fuskar-Tanken, at naar berre all Ting kann hava eit Namn, so er det stødt det same, kvat Namn det er. Paa den Maaten er det ingen Vande i «at fylgja med Kulturen»; paa den Maaten er det lett at gjera eit «Kultur-Maal» av det armaste og klenaste Bygdarmaal, som finnast kann; for det trengst inkje annat en berre at taka alle dei Ord, som ein kann minnast av utanlands Bøker, og slengja deim inn i Maalet, utan at velja elder vanda; og dermed er Kulturmaalet ferdigt. Slikt kann ein segja, er at «gjera eit Maal» og at gjera det med Magt.

Men no hava me eit Ord meir til at segja. Desse framande Ordi ero inkje stort meir framande fyre oss en fyre dei Danske. Det hever so lenge voret buldrat paa med slike Ord i alle vaare Bøker, at me eingong maatte læra deim; me hava lært ei heil Mukka av deim jamsides med vaart eiget Maal, og naar dette skal heita «at fylgja med Kulturen», so hever Norsken ogso fylgt med. Kvat hindrar oss no ifraa at bruka slike Ord i Norsken? Taka me slike Ord som: Nation, Kultur, Ideal, Original, Fantasie o.s.v., so hava dei vistnog eit framandt Ljodlag og støyta den heimelege Maalsansen; men dei ero inkje verre fyre oss en fyre ymse andre Folkaslag, som ogso bruka deim. Og taka me slike som: Anmodning, Begeistring, bestemme, Bisag, forbi, Forædling o.s.v., so er det vistnog leidt at laana slikt av Tydsken; men det er inkje større Skam fyre Norsken en fyre Dansken. No er det Tilfellet, at dei, som hittil hava skrivet i Landsmaalet, hava teket det myket strengt med Reinleiken i Maalet, so at dei inkje vilde taka slikt Laanegods inn i det; dei vilde freista paa det same, som Islendingarne hava gjort: at visa kor vidt eit Maal kann ganga utan Studning av andre Maal. Dei hava endaa voret so grannvare, at dei inkje vilde bruka den nyare Endingi «heit» (f. Ex. Friheit, Ærlegheit), endaa det var inkje større Skam at bruka «heit» i Norsken en «het» i Svensken og «hed» i Dansken. Det kann vera, at dette er for strengt, og at dei inkje venta, at andre skulo vera lika vandsame. Men dette er ei Sak fyre seg sjølv, som stend utanfyre Likningi med Dansken. Eitt Spursmaal er det, um Norsken hever Grunnlag til eit Kultur-Maal lika so godt som Dansken, og eit annat Spursmaal er det, um Norsken kann fylla det heile Kravsmaalet utan Tilhjelp av framande Ord. Vil nokon segja, at vaar Norsk er alt for arm imot Dansken, so lat honom fyrst tenkja seg Dansken i same Fall, reinskad fyre alle framande Ord, dei tydske so vel som hine; lat honom freista at taka alle desse Ordi burt, og so skal han sjaa, kor langt han vil koma med Dansken. Det verd ingi rett Samanlikning, fyrren Maali ero sette paa same Fot, anten baade tvau med Fylling av framande Ord, elder baade tvau i Grunnlaget utan framande Ord; det verd ingi rett Likning, naar det eine Maalet skal hava Lov til at bruka framande Ord i Tusund-Tal, men det andre skal inkje faa bruka eit einaste av deim. Naar no ymse Folk hava sett den reinskade Norsken i Likning med den ureinskade Dansken, so var dette eit stort Mistak, og naar dei so vilde segja, at Norsken inkje rekker halvt upp imot Dansken, so viser det berre, at dei hava fallet i ei Snara og blandat tvo serskilde Saker i Hop. Det vantar inkje annat, en at me no skulde gjera den Pretta at taka dei beste og lettføraste av dei framande Ordi inn i Landsmaalet, som me hava fullgod Rett til; daa vilde desse Folki vera nøydde til at segja, at dette Maalet ogso fylgde med Kulturen. Men anten me no taka mange elder faae av desse Ordi, so stend daa vaar Setning fast, at Norsken kann fylgja med Kulturen lika godt som Dansken.

Naar no denne Mannen i Morgonbladet segjer, at Norsken er samansokken til eit Bondemaal, som inkje hever Ordalag fyre annat en dei Ting, som høyra til Bondelivet, og dei Tankar, som fella inn i Bondens tronge Synsmaal, so er det høyrande til, at han inkje eingong vil vedkjennast, at her finnst nokot Grunnlag til eit Kultur-Maal. Dette er nokot nytt at høyra fyre oss, som skulde kjenna Maalet best, og som tyktest hava funnet ein heil Rikdom av Ord fyre høge og store Tankar i det. Det er daa inkje neittande, at Bonden hever Namn paa baade mangt og myket, som han inkje kann sjaa med Augom elder taka paa med Handi. Kvat skulo me segja um slike Ord som: Saal, Ande, Guddom, Sæla, Hug, Von o.s.v.? Me taka her nokre Namn paa ymse Tilstand i Hugen, og setja den sedvanlege danske Umskrift til; soleides: Huglynde, dansk Gemyt (Tydsk Gemüth); Givnad, d. Anlæg (T. Anlage); Kjæta, d. Munterhed (T. Munterkeit); Sut, d. Bekymring (av T. bekümmern); Otte, d. Frygt (T. Furcht); Øsa, d. Hidsighed (T. Hitzigkeit); Minning, d. Erindring (T. Erinnerung); Gaum, d. Opmærksomhed (T. Aufmerksamkeit); Røynsla, d. Erfaring (T. Erfahrung). Slikt er ogso Tankar, som hava fallet inn i «Bondens tronge Synsmaal;» og slike Exempel hava me mange av. Me vilde havt endaa fleire, naar inkje Bøkerna og Lærararne so ofta hadde nøydt Bonden til at næma eit nytt og framandt Namn paa slike Ting og soleides læra tvau Maal i Staden fyre eit. Og naar Bonden endaa i fleire Aarhundrad kunde halda paa Fedramaalet, medan hans upplyste Landsmenner vende seg ifraa det og sette seg imot det, so er det gode Voner til, at han vilde halda det so myket fastare, naar Bokmennerne vilde gjera, som rett var, og hjelpa honom i at halda og hevda det heimelege Maalet.

Og soleides segja me um denne Røda som um den fyrre, at ho inkje hever voret sterk nog til at venda vaar Meining i minste Maate. Og dermed ganga me vidare til ei onnor Røda.

 

FOTNOTE

[1] Til større Upplysning skulo me her setja nokre Exempel til.

Hjaa Holberg: Tydsk: Derav:

continuere fortsetzen fortsætte

contribuere beitragen bidrage

celebrere feiern feire

favorisere begünstigen begunstige

declarere erklären erklære

attaqvere angreifen angribe

provocere herausfordern udfordre

promovere befördern befordre

conqverere erobern erobre

 

Frå Dølen No. 18, 20. februar 1859, side 2-4. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006