1895 Ut av unionen

Rasmus Steinsvik

Ei slik rid som landet vaart denne bolken hev gjenge igjenom maa setja merkje, og det baade store og djupe.

Den eine bror kan ikkje so blodigt svivyrda den andre, medmindre brorskapen maa faa ein knekk.

Der hev lenge nok vore tale um broderhandi. Me saag ho opna seg, og me saag ein skorpion.

Det nyttar ikkje aa dekkja over det. Den einaste faare for vaar fridom og sjølvstyre er unionen med Sverig.

Me hev fenge set, at i Sverig er der eit parti som for fullt aalvor tenkjer aa gjera Norig til ein svensk provins.

Og dette er ikkje eit parti som stend der med tome ynskje og ein flokk daarar ikring seg. Nei det er det partiet som i Sverig hevmagti,ogallmagt. Det hev styringi paa si side, kongehuset paa si side, fyrste kammer paa si sida, og naar det knip, andre kammeren og. Og det hev heile den faakunnige del av det svenske folk bak um ryggen sin.

Og just det som skulde styrkja grannelandi: unionen med sams kongehus og sams forsvar, det vert for desse folk handi til aa naa maalet med paa ein letvint maate, um inkje maaten er fin.

Den svenske kongen som er svensk overhærførar, han er som den norske kongen norsk overhærførar. Han kjenner krigsgreidurne vaare so godt som han kjenner dei svenske. Han kjenner festningarne, upplagshusi, hærførarane og alt som det er verdt aa kjenna. Han hev med aa nemna ut dei høgste offiserane, og kan setja dei av utan lov og dom. Han kan paa den maaten, um han vil, litt um senn skala ut dei som er etterhanshovud og setja dei paa dei vigtugaste postane.

Tilstelt paa denne maaten vantar det berre, at den mann kom paa trona, som vilde vera ærelaus nok til aa bruka denne magti til eit overfall. Svenske krigsskip kunde han senda inn paa hamni. Svenske hærfolk inn over grensa og setja seg fast um upplagshus, so soldatarne vaare vilde staa utan vaapen og utan klæde. Krigsbaatarne vaare kunde han fyreaat gjera ubrukande; deretter stengja landet av, og soleis knekkja oss, fyrr det eingong kom til krig.

Det vilde vera lovbrot aa tru um Kong Oscar II, athanvilde vera med paa so ærelaust verk. Men hans tid tek ende, og ingen veit kven som kjem etter. Kongarne hev ikkje altid vore englar. Dei hev ikkje altid kvidt seg for aa bryta baade lov og avlagd eid. Med loven og sin svorne eid som skjol hev dei fyrebudt dei verste ugjerningar.

Etter det som er hendt iaar kan me aldri meir kjenna oss trygge. Nettupp avdi unionen er som ein open port til landet vaart, er freistingi des større for dei svenske daarar som trur det vilde bli eit dagsverk aa faa overtaket. Me kan aldri vitanaardaararne vil gaa til verket. Og me kan aldri vitanaarden meinsvorne landsvikaren sit paa truna, reide til aa hjelpa dei.

Det me med vissa veit er, at deihevtruga oss, at dei hev stydt sine trugsmaal med eit krigskreditiv paa 15 millionar, at dei hev gjort ein krigsgalen mann til utanriksminister, – ein mann som ikkje ræddast eventyr.

Vil me daa halde ut aa leva i denne utrygd ?

Nei.

Anten sjuknar me burt i mistru til oss sjølve, og læt oss tume for tume driva inn under svensk over­styre.

Elder so tek me oss saman og fær ein ende paa desse utrygge vilkaar.

Det fyrste er lite trulegt. Nordmennerne er seige. Dei gjev seg ikkje so lett. – Me hev maatt» svalgt mykje iaar av sorg og harm. Men det hev ikkje knekt oss. Folk er harme; men der er ingen grunn til aa missa modet. – Der hev vore mykje tale um «svikting». Der finst ikkje den serflok i tin­get med mindre han fraa ein elder annan kant hev fenge «sviktar»namnet slengt mot seg. Det er all denne tale um svik og svikting som no held paa aa stela trui or mange – for ei stund. Menberrefor ei stund. – Ser me rett paa det, hev kanskje ingen av vinstre «svikta». Ein ende maatte det bli. Og slik som saki gjenem fleire aars misgrip var fyrebudd, og slikt utfall som vali fekk ifjor, maatte enden bli eit tap for vaar nasjonale sak. Likso godt daa at det kom fyrst som sist. Det som hendemaattehenda. Der er einlovi forholdet millom aarsak og virkning,

Dette tapte slaget hev harma oss, men ikkje knekt oss. Motgang stæler. Og motgang gjev lærdom. Me er klokare enn me var; men ikkje mindre gode nordmenn.

Av all denne raadløyse og modløyse me no ser, vil der veksa fram eit krav baade heilare og sterkare enn det gamle. Og det kravet maa kort og godt bli:

Ut av Unionen.

Men me hev i denne tid lært, at eit samfund ikkje er som eit urverk som kan trekkjast og stillast slik som ein vil ha det.

Me hev lært, at der maa bautast baade att og fram for aa vinna ei stor sak, og tvinnast mange traadar til det bast som skal halda i ei fuke.

Dei som tek denne saki upp, full og heil utskifting, unionen umgjort til eit forsvarslag dei vil nok akta seg for aa leggja utpaa i utide. Dei vil aldri tru at dei greider det med store ord. Dei vil ikkje skunda seg med aa gjera det til valprogram. Det bør kanskje helstaldribli valprogram eller partisak. I utanrikspolitiken duger slikt lite. Det skulde helder aldri turvast aa gjera slike ting til valprogram. Anten er landet ein nasjon, og daa er alle mann med naar det gjeld land­sens sjølvstyrerett. Elder so er landetikkjeein nasjon. Og daa er det spelegt aa ta upp ei stor nasjonalsak.

Der maa arbeidast fraa grunnen. Som eit dult ynskje fraa fleire og fleire maa kravet arbeida seg fram, til heile folket er someinvilje.Daavil det slaa ut naar tidi er lagleg, og fullbyrdast utan braak og larm.

Daa kan der igjen verta samarbeid paa halvøyi; og trutt vil me staa saman mot ytre vald. Men skal svenskarne finna mun i eit forsvarslag saman med oss naar unionen er uppsagd, so maa me til den tid ha fenge eit betre forsvar enn det me no hev. Iser maa det bli av vigt for oss aa faa flaaten istand. Me eig verdens beste sjøfolk. Me maa med kostnad som me kan staa i, kunne bli sterke tilsjøs. Med ei tidhøveleg sjømagt vil landet staa seg mot ei større magt enn Sverig. Og me vil kunne bli den beste forsvarsfelag Sverig kan ynskja seg. – Svensken tillands, me tilsjøs, daa vert me tilsaman ei magt som dei store maa rekna med. Me vil med eit vitugt styre til alle tider kunne verja umfredenog neutraliteten.

At «væpning fører til krig» er ein paastand som røynsla slær ihel. Væpning fører til krig naar einvilkrig. Men væpning avvender krig naar einvilavvenda han. Det er sant som det er sagt her i bladet fyrr, at dersom landet væpnar i forhold til folketalet, so løner det seg ikkje aa ta paa det. Krigen vert dyrare enn vinningi. Og det er sant som det er sagt, at vilde eit land gaa til avvæpning, elder i stort maal svekkja forsvaret sitt, so vilde dette landet um den minste ting kom paa, missa hovudet, kasta seg flat paa jordi for motmannen, og attpaa sturta seg inn i den villaste forsvarsrus. Den derimot som til alle tider er budd, han tek det som kjem med ro. Han veit at han hev gjort sitt beste, og han veit at det skal bli valdsmannen ein dyr leik.

Me hev den voni at styremennene vaare aldri meir forsømer aa ha forsvaret istand. Det hjelp ikkje, um fredsmennene brøler. Verdi vert ikkje betre en ho er ved det.

Og i sin politik elles vil dei leidande lata all smaapirking fara. Dei vil i det smaa helder finna seg i urett for aa kunna ta dess tyngre tak i det store. Dei vil ved sin offerhug visa aalvoret.

R.

Frå Den 17de Mai. 15. juni 1895. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006