1903 Union og unionshær

Rasmus Steinsvik

Det er likt til, at det som svenskane mest tenkjer paa, naar dei held so hardt paa denne unionen som i so mange ting er til «at gråta öfver», – det er dette, at me treng unionen til verje um halvøyi. Det ser ut til at dei trur, at ein unionshær vilde magta forsvaret betre en um den norske og den svenske hæren arbeidde saman paa fri hand.

At svenskane tek imist i dette stykke, derum er det ingen tvil. Men aa faa dei til aa skyna mistaket, det er ikkje lett.

So lenge nordmennerne kjenner seg so utrygge i denne unionen som dei no gjer, og maa gjera, vil dei ikkje med god lyst gaa til dei «svenske sletter», um støyten kom fraa den kanten. Ein vilde fyrst koma til aa krevja eit uppgjer med Sverige og det eit uppgjer som gav fullgod trygd for, at det overtak Sverige i det høve kom til aa ha over hærleidingi, ikkje vart misbrukt. Men eit slikt uppgjer like inn under ein ufred vilde vera ein overmaate speleg ting. So speleg, at det er aa ottast, at ein hen­dig motstandar som visste aa nytta ut dette paa beste maate, derved kunde faa ein avgjerande fyremun.

Og tenkjer ein seg so vidare inn i, kva usemje det lett kunde verta imillom dei tvo partane i «unionshæren» maa ein gruva seg for dei fylgjer dette kunde faa.

Heilt anleis greidt vilde det vera, um der ingen union var; men berre ein avtale um aa hjelpa kvarandre mot ytre fiendar. Førarne for baae hærar kunde daa fyreaat ha dryfta og gjort upp alle forsvarsplanar. Alt kunde ordnast so, at der ingen ting vart aa tvista um. Og at um der likevel vart usemje, so kunde kvar gaa til sin kant, og slaa fienden der ein syntest det mest trengdest og best høvde.

Vanskar kunde det sagte verta nok av daa ogso. Men den som veit kor nordmannen er laga, kan ikkje vera i tvil um, at han med langt større ihug og kraft vilde yta si hjelp naar han etter fri avtale og under eigne førarar drog i striden, en um han vart kommandera ut av «unionskongen».

*

Me trur ikkje, at «faaren fraa aust» er i nærmunom paa ein mannsalder enno, Men det trur me, at di fyrr ein kan faa ei greid ordning med Sverige, so alle tvistemaal i freds tider kan falla burt, di sterkare vil me staa, um den dag skulde koma, at nordmenn og svenskar side um side maatte staa manngard um baae rike.

 

Frå Den 17de Mai. 3. mars 1903. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006