1905 05 27 I dag

Rasmus Steinsvik

Idag

skal konsulatsaki fyre i statsraad hjaa kongen.

Fyrr dette nummeret naar posthuset er det avgjort for lange tider, um unionen skal vera elder ikkje vera.

Kong Oskar tok att styret igaar; idag skal han seia ja eller nei til konsulatsaki.

Um det vert ja elder nei veit ingen her i landet i denne stund. Ikkje eit ord i so maate hev han nemnt til raadane sine, dei som skal bera ansvaret for det som i kongens raad vert gjort.

Fyrst naar statsminister Løvland saman med Bothner og Hagerup-Bull møter paa slottet hjaa kongen (i Stockholm) idag kl. 1 fær dei vita um det vert ja elder nei.

Kvi denne løyndom? Er kongen rædd for, at han ikkje skulde faa dei til aa kontrasignere ifall han fyreaat fortalde at han vilde seia nei ?

I so fall fangar han dei ikkje; dei hev levert inn sin søknad um avskil; statsminister Løvland møter med denne søknaden i handi og vil leggja han paa bordet fyrr sanktionsspursmaalet er avgjort.

Dermed er de fritekne fraa den pligt aa underskriva sanktionsnektingi.

Denne løyndeferd av kongen skulde tyda paa at han vilde seia nei. Kor urimelegt og utrulegt dette en høy­rest, so peikar likevel alt i denne stund paa, at det vert utfallet.

Kva vil so vidare henda? Vil kongen prøva paa aa faa nytt raad?

Tenkte han paa det, so vilde han vel ha kome hit. Men fraa kronprinsferdi no nyleg, og av alt som vert gjort og sagt her i landet, skynar han, at det vilde vera faafengt. Han læt det likso godt vera.

Derimot vil han vel prøva aa negta riksstyret aa gaa. Det kan han, til ei tid. Men ogso berre til ei tid. Det vil koma ein dag daa baade riksstyre og storting vil krevja lovlege tilstand. Og der bør ikkje setjast altfor lang frist helder.

*

Henda kan det kor som er, at kongen seier ja. I so fall kan han ta striden uppat seinare, naar det gjeld aa faa konsulane godkjende i utlandet.

Helder ikkje daa vil me staa fast; me hev daa aa gaa til eigen utriksminister; for honom treng me ingen eksekvatur fraa Sverige.

Kva som en hender, kan det berre verta til det gode for oss og vaar sak – berre me «i samla fylk­ing» gjeng fram under merket som no er reist, og aldri vikjer ein tume.

Frå Den 17de mai. 27. mai 1905. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006