1905 08 01 Kva utlandet ventar

Rasmus Steinsvik

Um ein kan døma etter utanlandske blad, so likar dei i utlandi, at me so snøgt gjekk til folkeavrøysting. Dei meiner, at det maa vera ei æressak for oss aa faa syna, at so aa seia heile folket stend bak 7. juni.

Dei ventar med andre ord, at svaret fraa folket paa det som riksmagtene spør um, maa verta samstemmigt.

Men det er ikkje nok at det er samstemmigt; det maa vertamannsterkt. Dei maa faa sjaa, at folket ikkje berre er med, men at det er med av hjartans hug, med liv og sjæl.

Det maa verta mannjamt frammøte. Alle parti, alle samfundslag, i by og bygd – alle maa røysta.

Det venter utlandet av oss no.

 

Frå Den 17de Mai. 1. august 1905. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006