1905 08 10 Ein einaste gong

Rasmus Steinsvik

Ein einaste gong i ditt liv kan du faa vera med og raada landsens lagnad og so skulde du sitja heime?

Sidan 1814 hev det ikkje hendt, at riksmagterne vende seg til folket med eit slikt spursmaal. Og so skulde ein la vera aa svara?

Sanneleg – dei maa vera un­derleg laga, som kan faa seg til aa sitja heime den 13. august. Me kjenner oss visse paa, at slike ikkje finnest ivaarfylking. Der vil kvar mann møta. Og dei vil gjera alt dei kan med aa faa andre til aa møta. Dei vil ikkje gi seg, fyrr dei hev heile grendi, heile bygdi med seg.

Berre ein einaste gong i vaart liv kan me upliva ein slik dag. Og det vil, det vonar me, gaa hundradvis av aar fyrr ein slik dag kjem att, um han nokon gong kjem att.

Lat ikkje son, eller soneson, maatte tenkja: min far, eller min bestefar sat heime; han brydde seg ikkje so mykje um landsens vælferd, at han vilde umaka seg til valstaden med eit «Ja». Lat ingen faa det aa seia!

 

Frå Den 17de mai. 10. august 1905. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006