1906 Dei første lovene for Noregs Mållag

Noregs Mållag

Dei første lovene til Noregs Mållag, vedtekne på målmannstemna i Oslo natt til 5.februar 1906.

§1

Norigs maallag hev til fyreloga aa fylka maalmennerne til samarbeid fyr den norske maalreising.

§2

Med i laget er dei større maalkrinsar, skipa av serlag i bygd eller by, som melder seg til aa vera med i Norigs maallag og som held seg etter dei loger som er vedtekne fyr det. Serlag kan ogso beinveges vera med i laget.

§3

Laget hev sendemannsmøte som vert samankalla av styret og som avgjer lagsspursmaal og vel styre. Sendemannsmøte skal haldast i god tid fyre kvart stortingsval og elles naar det er naudsynlegt.

§4

Paa sendemannsmøtet hev kvar maalkrins rett til aa hava so mange sendemenner som det er valkrinsar i maalkrinsen, dessutan hev kvart serlag rett til aa hava 1 sendemann. Hev eit lag meir enn hundrad lagsmenner, kan det senda 2, meir enn tvo hundrad 3 o.s.fr., men daa ikkje meir enn 5.

§5

I lagsskatt svarar kvar maalkrins minst 2 kronor fyr kvar sendemann, som det hev rett til aa senda. Serlag som ikkje er med i nokon maalkrins. svarar minst 5 kronor fyr kvar sendemann.

§6

Sendemannsmøtet vel formann fyr laget ved sers val, 4 andre styresmenne og 5 varamenne.

§ 7

Desse loger gjeld til 1ste sendemannsmøte.

Frå Den 17de Mai. 6. februar 1906. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006