Markerer bibeljubileum med fagdag

Frå utstillinga Bibelen. Éi bok. Mange språk.

I år er det 100 år sidan den første bibelen på nynorsk kom ut. Den såkalla Fyrebilsbibelen – som var meint å vere førebels – var ei storhending i samtida og var med på å syne at nynorsk kan brukast til alt. Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda markerer jubileet på tampen av Festspela med fagdagen «Gudsord og folkespråk» 14. juni.

– Å omsetje bibelen er ingen liten jobb, og historia om Fyrebilsbibelen blir ekstra imponerande sidan det var studentar frå Studentmållaget i Oslo som leia arbeidet. Under fagdagen fortel professor Per Halse den fascinerande historia om studentane sitt bibelarbeid, seier fungerande direktør Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.

På fagdagen skal innleiarar med ulik bakgrunn halde innlegg om mindretalsspråk, bibelomsetjing og litteratur.

– Sjølv om Bibelen er ei av dei mest omsette bøkene i verdshistoria, er det mange språk som ikkje heile verket er omsett til endå. Vi er så heldige å få språkformidlaren Meerke Krihke Leine Bientie til å fortelje om bibelomsetjing til sørsamisk, eit språk som lenge har venta på si eiga bibelomsetjing, fortel professor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

I 2011 kom det nye bibelomsetjingar til nynorsk og bokmål. Då var både forskarar og forfattarar med på arbeidet.

– Publikum får høyre om omsetjingsarbeidet frå begge gruppene. Professor Anders Aschim innleier om problem og dilemma i arbeidet med bibelomsetjing, medan forfattar Inger Bråtveit fortel om korleis det var for ein forfattar i dag å hanskast med omsetjingsoppgåva, seier Halse.

– Bibelen har vore umåteleg viktig for litteraturen. Professor Jan Inge Sørbø skal fortelje om tilhøvet mellom Bibelen, kyrkjespråket og nynorsklitteraturen, avsluttar Halse.

Det er mogleg å følgje fagdagen både fysisk på Høgskulen i Volda og på nettet. På grunn av koronarestriksjonane er det førehandspåmelding. Du kan melde deg på fagdagen på hivolda.no.