Meir digitalt innhald på nynorsk

Illustrasjonsbilete digitalt innhald
Nynorsk kultursentrum ynskjer å gjere den digitale verda meir tilgjengeleg på nynorsk.

I 2019 auka det digitale gjestetalet til Nynorsk kultursentrum med 15 prosent. Nynorsk kultursentrum spreier kunnskap om nynorsk på ti nettstader og i sosiale medium.

– Å sjå og lese nynorsk styrkjer den språklege og kulturelle tryggleiken til nynorskelevar, og det er viktig at nynorsken er synleg i den digitale kvardagen vår, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Nettstadene til Nynorsk kultursentrum hadde 650 000 brukarar i fjor og passerte 25 000 følgjarar til saman i sosiale medium.

Det digitale oppslagsverket Allkunne runda 26 000 publiserte artiklar i 2019 og er både i innhald og bruk den største nettstaden i Nynorsk kultursentrum. Leksikonet hadde nærmare 6 800 følgjarar på Facebook i 2019. – Det er kjekt at folk set pris på kunnskapsdrypp i kvardagen sin, seier Allkunne-redaktør Stina Aasen Lødemel.

Allkunne publiserer redigert innhald om og på nynorsk og har både leksikonartiklar, artikkelseriar, kvissar og temasider. I 2019 kom det ei mengde nye artiklar om den nynorske litteratur- og kulturhistoria, lettlesne faktaartiklar for ungdom og artiklar om aktuelle emne. Allkunne lanserte òg ein interaktiv versjon av dokumentasjonsverket Språkfakta. Allkunne kvalitetssikrar både innhald og språk.

– Å vere til stades på nett er sjølvsagt ein viktig del av tilboda frå Nynorsk kultursentrum. Vi ynskjer å gjere verda tilgjengeleg på nynorsk samstundes som vi formidlar fagstoff om nynorsk på nettstadene våre, avsluttar Sandsmark.

I 2019 hadde Nynorsk kultursentrum minst 20 digitale brukarar for kvar gjest på arrangement eller utstillingar.