Mitt språk – min song: Kim Rysstad

Musikar Kim Rysstad frå Setesdal har skrive ein song om «gofaen» sin. Foto: Niklas Berglund

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Vokalist Kim Rysstad frå Valle i Setesdal song seg inn i hjarta våre då han tok seg heile vegen til finalen av Stjernekamp i 2019. No har han skrive ein song til bestefar sin. Endeleg.

«Tekstlina «Ingenting hasta, og intenting trong, gjerast før neste dag» har vore noko som har surra i hovudet mitt i lang tid. Truleg fordi eg er slik sjølv, det meste kan gjerast dagen etterpå eller noko seinare. Det var aldri nokon tanke at den skulle brukast til noko spesielt. Då førespurnaden frå Nynorsk Kultursentrum kom om å skrive ei ny tekst og komponere melodi til kom tekstlina oppatt i hovudet mitt. Utpå vårparten sat eg å høyrde på Benjamin Ingrosso sitt album «En gong i tiden» der han hadde skrive låtar på svensk. Ein av songane «Det stora röda huset» handla om huset til besteforeldra hans, om kor fint det hadde vore å vakse opp med alt som hende der. Det sette i gong tankane mine, og brått forsto eg at tekstlina handla om min bestefar, eller gofa som me seier i Setesdal. 
 
Som oftast når eg skriv songar kjem teksten fyrst, og slik var det med Gofa au. Eg tenkte på små hendingar frå når eg var liten, som det at han likte å ligge på golvet med ei pute under hovudet, at han røykte pipe, osv. Orda kom til meg utan at eg trong å tenkje så mykje. Tidlegare har eg vore litt redd for å bruke for mange dialektord i tekstene mine. Setesdalsdialekta kan for mange vere noko vanskeleg å forstå, så eg har helst halde meg til nynorsk språkdrakt. Men i teksten om Gofa har eg bruka noko meir dialekt. «Du låg der på tili, med huva trekt ned». Tili = golv, og «huva» = lue.

Trygve Skaug sa til meg at eg måtte bruke dialekten meir i tekstene mine, så då har eg prøva meg på det. Det er klart at det å få med dialektord gjer det meir personleg, og kan tilføre noko nytt for lydaren, men eg tykkjer det er viktig at det ikkje vert for mykje dialekt i ei songtekst.Det skal kjennest rett. Unntaket er når eg diktar nystev eller gamlestev, der er hovudvekta dialekt. 
 
I starten av ei tekst hender det at formen ofte vert som ei mellomalderballade, og fyrste utkastet hadde den forma, med to liner og omkved. Etterkvart tok eg bort omkvedet frå kvart vers slik at forma vart slik den er no, og det kjendes rett. Då teksta var ferdig sette eg med ned med pianoet for berre å prøve litt på melodien, men etter ei lita stund så var den på plass. 
 
Sidan eg trivs best med å synge framfor å spele instrument, spurde eg min gode vén, gitarist, og arrangør Frode Berntzen om kan kunne tenkje seg å vere med på å jobbe fram ein versjon i studioet hans. Det ville han, så eg sende over ei skisse spelt inn på mobilen. Så møttest me eit par gonger for å finne ei form på visa. Eg hadde eit ynskje om at det skulle verte ei triveleg lita vise, med eit akustisk og folkinspirert uttrykk. Heldigvis var Frode au einig i det. 
 
Det kjennest godt at Gofa endeleg har fått ein song, og eg trur han hadde likt det, sjølv om han truleg aldri ville sagt det til nokon.»

Gofa

Ingenting hasta, og ingenting trong,
gjerast før neste dag.

Du låg på tili med huva trekt ned,
du sa kji eit einaste ord.

Der låg du nok tenkte at du skulle ta,
av pipa ditt neste drag.
 
Men ingenting hasta, og ingenting trong,
gjerast før neste dag.
 
Tidt sat me i stilla utan eit ord,
var saman, berre let tida gå.
 
Så reis opp heilt utan å sei,
noko om, kor du va på veg.
 
For ingenting hasta, og ingenting trong,
gjerast før neste dag.
 
Tidt sat me i stilla utan eit ord,
var saman, let tida gå.
 
Ingenting hasta, og ingenting trong,
gjerast før neste dag.