Aleine saman – korona og kulturen

@ Ådne Dyrnesli

Han står ved vindauge og ser ut, verda
har forskansa seg langt borte. På avstand
syns alt meir begripeleg, konturane skarpare, måsar
lar seg løfte av usynleg vind, ei skute dreg den kvite stripa av avskil etter
seg ut vågen, ein nærleik i alle rørsler, i alt som renn og rullar og rikkar
seg, i alt som skjer, han ser det no.

Tankespreidd står han på golvet, denne avstanden gjer
at han kjem for nær. For nær
freden i dei langsame nikka til bregnane, snigelens
glidande ferd over graset, millisekunda
dropane slepper taket og lar seg falle i
sollyset, for nær
svevnen, for nær
saknet, for nær
svolten, for nær
si eiga uro, for nær
seg sjølv.

Han kan ikkje ha det slik.
Noko må skje.

Arne Ruset / 2020 

Arne Ruset

Arne Ruset (f.1951) har sidan lyrikkdebuten i 1973 gitt ut bøker i fleire sjangrar. Det isolerte menneske er eit motiv som stadig går att i Ruset sin forfattarskap. Ruset si nyaste diktsamling, "Vi kan ikkje eige kvarandre" kom i 2016. Foto:Andre Løynin