Aleine saman – korona og kulturen

besøk frå ein gamal venn

eg er ør når eg vaknar sittande i sofaen   eit blått skjær frå TV-skjermen  

ligg over tinga i rommet   det er nesten behageleg

 

eg går ut på verandaen for å røyke   eg har lyset med meg

det skin gjennom vindauget   legg seg på den kvite borken til bjørka i hagen

 

trekrona spreier seg ut mot himmelen

 

så blafrar det i lyset som ligg over hagen   eg snur meg og ser deg stå i stua

ein svak silhuett i det blå lyset   som mørknar der det glir gjennom kroppen din  

igjen vaknar eg på sofaen   du står på same stad   i sollyset

                                                                                  som strålar inn gjennom

                                                                                                          persienneblada

håret ditt er folda ut

du er ei fortetting av lys

eg seier: kva vil du meg?    kvifor kjem du hit i dag?

du opnar munnen

og eg blir merksam på lauvet som raslar

utanfor vindauget

så er du borte igjen

og det blir stille

på fotografiet eg held i handa   er du halvvegs vendt bort frå meg

du har arma om skuldra mi   du gliser over flaskene på bordet   ut i tomrommet

halvvegs vendt mot fotografen   eller mot meg her eg sitt og ser på biletet

augelokka dine lukka   over det blå blikket

 

dette biletet handlar berre om latteren din

slik den fylte stua til K. på Persaunet der biletet blei tatt

og slik den fyller stua mi no, kanskje 15 år seinare

 

dagane mellom oss

rista bort

som regndropar rista av lauv

sola bryt gjennom skylaget

kastar lys på den kvite borken din

 

tre snakkar med kvarandre gjennom røtene sine

du seier:   minne veks ut av augeblikk som forsvinn

eitt etter eitt 

til også eg forsvinn

 

eg lener meg tilbake i sofaen   greinene mine strekk seg mot himmelen

 

 

Martin Ingebrigtsen / 2020

Høyr diktet 

@ Ådne Dyrnesli

Martin Ingebrigtsen

Martin Ingebrigtsen (f.1984) debuterte i 2018 med diktsamlinga "Riv av seg ansiktet". Temaet for den burleske handlinga er det allmennmenneskelege. Korleis formar menneska kvarandre og korleis er vi avhengig av kvarandre? Foto: Trond Gausdal