Aleine saman – korona og kulturen

Aina Basso – Finne ly

Play Video

Utdrag frå Finne ly (Samlaget 2014) av Aina Basso, s. 170-171, Johannes.

«Ligg og lyttar i nettene. Kor mange kan dei vere? Har berre sett desse fire på nært hald, to vaksne, to små, og hunden. Må vere fleire. Ein fant kjem aldri åleine. Eller fire. Må kome fleire etter. Nokre kjem først, finn ein stad. Har høyrt dei legg ut teikn til kvarandre. Har sett litt av kvart når eg har leitt. Halmstrå med knute, grankvistar i mønster, svepeslag i skaren. Veit ikkje kva det tyder. Skremmande teikn. Trollskap og løynde bodskapar. 

Ligg slik og tenker. Må ikkje tenke meg redd no. Har så lett for det. Mor måtte alltid minne meg på det. Ikkje tenke meg redd. Er så lett for at alt veks når ein ligg slik og tenker og det er natt og ein er åleine. 

Hugs at det berre er noko du tenker, og ikkje det som er verkeleg, sa ho. 

Ho var klok, mor, ho kjende til menneskesinnet, kjende mitt betre enn nokon. Ho visste at eg ikkje var sjuk eller galen, at det berre var slikt eg tenkte. 

Tankar er ikkje farlege, sa mor. 

Berre éin gong var ho redd meg, eg gløymer det aldri, det svarte blikket. Eg hadde halde det gåande om nettene, gråte og tenkt på ekornet, på den tynne nakken, og på andre ting, på jenter frå bygda, på små kattungar som far kakka i hovudet med ein stein. Eg hadde vore redd mine eigne hender, hadde vakna og skrike, og hendene mine var strekte ut framfor meg, dei kloa seg og rista av kraft. 

Far og Harald unngjekk meg denne tida, som dei all- tid gjorde slike tider, dei såg på kvarandre, sa ikkje noko. Lét meg sleppe arbeid, tok over pliktene mine, lét meg trakke rundt i skogen, eller ligge på høydungen i løa med eit lite dyr å klappe på. 

Mor stulla rundt meg, passa på at eg fekk i meg mat og drikke, passa på at eg sov litt om nettene, strauk håret mitt og song bånsullar for meg. Eg sovna slik i fanget hennar mang ei natt. Så vakna eg og var åleine og det var mørkt og eg hadde slike sterke draumar. Eller var det draumar? Dei var så verkelege, som hadde røynd kome inn i draum, og draum blanda seg med røynd. 

Eg gret til mor. Gret over det tulne hovudet mitt, over tankane som voks og overtok meg, eg hadde ikkje bede dei kome, eg ville ikkje ha dei her. 

Få dei vekk! ropte eg og slo meg i hovudet, men mor kunne ikkje gjere noko, kunne berre ta vekk hendene mine, stryke og stryke meg over håret og kinna. 

Det er berre tankar, sa ho, men av og til var det ikkje nok at ho sa det, og no er det ingen som seier det til meg, eg treng nokon som kan seie det til meg, skulle ønske Hanna kunne seie det, for tankane veks, eg må halde dei innanfor, må halde på hovudet så det ikkje eser ut som ein deig.» 

Først publisert av Samlaget i 2014.

© Aina Basso (2020)

Aina Basso. Foto: Oda Berby

Aina Irene Basso (f. 1979), er historikar med kvensk bakgrunn på farssida og forfattar av historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, med handling frå 1600-, 1700- og 1800-talet.

Les meir på: