Loddesnor

Du er så skeiv 

der du står 

og heng 

Du er så skakk og 

usentrert 

Kva er det med vinklane dine 

kor er loddesnora di 

og korfor står du ikkje på 

rett flekk 

  

Eg står heilt rett 

Frå flekken min skrår eg akkurat dit eg skal 

mot min eigen 

himmelkvelv  

Vateret kviler der det vil 

kvile og bortsett frå det er 

eg viss på at 

tre og fjell 

er skeive 

rette 

bølgande 

taggete 

  

Har vi ikkje det same gravitasjonsfeltet da 

står vi ikkje på den same planeten 

  

er vi ikkje da like rette 

begge to 

  

Veit du eigentleg kva 

skeiv er 

du 

jo 

det er å vere 

glad i nokon 

heilt rett 

heilt skeivt 

heilt bølgande og brusande 

forelska 

  

Eg vil ikkje ha rett kjærleik 

Eg vil ikkje ha skeiv kjærleik 

Eg vil berre ha 

kjærleik 

Bilete av Kari Stai
Kari Stai. Foto: Samlaget

Kari Stai er forfattar, illustratør og biletkunstnar. Ho har mellom anna skrive biletbøkene om dei to gode venene Jakob og Neikob, samt barneboka Passe happy (2021).