– Godt, men ikkje godt nok

Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark
Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark meiner det er godt, men ikkje godt nok at NRK har oppnådd målet om 25 prosent nynorsk.

Nynorsk kultursentrum meiner det er på tide og godt, men ikkje godt nok at NRK har nådd målet om 25 prosent nynorsk. Målet er først og fremst nådd med mykje dialektbruk i radio.

– Det avgjerande for nynorskbrukarane er kor mykje skriftleg nynorsk som blir publisert på NRK.no. Der har dei framleis langt igjen, med under 20 prosent nynorsk innhald, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. Nynorskbrukarane har få sjansar til å sjå språket sitt i bruk i riksmedia. Med unntak av Dag og Tid, ein del av tekstinga i VG TV og noko nynorsk i nisjeavisene Klassekampen, Nationen, Vårt Land og Dagen, får ikkje dei om lag 500 000–600 000 nynorskbrukarane sjå språket sitt i riksmedia.

Kravet om minimum 25 prosent nynorsk i NRK er i praksis det einaste statlege verkemiddelet som veg opp for denne skeivfordelinga. – Derfor er det svært gledeleg at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har nytta leiarskapen sin til å nå målet for første gong, understrekjer direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk er i bruk kvar dag i skulen, næringslivet, offentleg sektor, frivillig sektor og heime. – Det kjem ikkje av seg sjølv. Folk må sjå skriftspråket sitt i bruk om alle slags emne. No må NRK prioritere det store arbeidet med å auke talet nettsaker og sikre at nynorsk er eit sjølvsagt språk i både nyheits-, sports- og underhaldningssaker i alle kanalane til NRK, avsluttar Sandsmark.