ABC (1986)

Den siste diktboka til Olav H. Hauge er eit samarbeidsprosjekt med kona Bodil Cappelen.

Forfattar
HADLE OFTEDAL ANDERSEN

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen hadde gifta seg i 1977. Den nygifte diktaren blir no forfattar av barnelitteratur etter fylte 70 år. I 1983 kjem Regnbogane, eit utval av dikt frå samlingane hans som passar godt for barn. Boka er laga som ei vanleg biletbok, illustrert av Wenche Øyen. To år seinare har Hauge med tre tidlegare upubliserte dikt i antologien Dikt for deg og andre barn. Dette er ikkje nyskrivne tekstar, men dikt han har hatt liggjande heilt sidan han var tenåring. Same året, i 1985, kjem Manndottera og kjerringdottera, attfortald av Olav H. Hauge med illustrasjonar av Bodil Cappelen. Dette ekteskapelege samarbeidsprosjektet blir så følgd opp året etter med høgdepunktet ABC.

ABC-boka er ein fleire hundre år gammal læreboksjanger som no er avløyst av moderne leseverk. Etter andre verdskrigen får denne sjangeren eit nytt liv, lausrive frå dei pedagogiske institusjonane. Denne moderne ABC-en er ei illustrert samling av humoristiske smådikt for barn, med lydrimet som det viktigaste verkemidlet. Kvart dikt er bygt opp av ord som opnar med den bokstaven ein har føre seg. I nordisk samanheng er det danske Halfdan Rasmussens Halfdans ABC (1967) som er klassikaren.

I den nye samanhengen kan ein med ein viss rett hevda at ABC-en blir ein sjanger for modernistisk barnelyrikk. Dikta er lausrivne frå ein opphavleg nyttefunksjon, framhevar gjerne det absurde eller uforståelege, refererer til språksystemet og gjer dette til ei hovudsak. Alt dette kan knytast til den modernistiske litteraturen. Difor er det ikkje så underleg at ein innanfor lyrikken for vaksne finn bøker som Inger Christensens Alfabet (1981) og Bjørn Aamodts ABC (1994).

I Hauge og Cappelens ABC har dei fleste dikta element av det språkmaterialistiske. Dette er nemninga for den modernismen på 1960-talet som la vekt på språket som system og på sider av språket som er kommuniserande i seg sjølv, utan å vera kopla til eit menneske som uttrykkjer seg eller til ei meining som skal uttrykkjast.

C

FRAMAND KAR

MED CITRON OG CIGAR

MEN I KVARDAGS DRESS

GREIER HAN SEG MED EIN S

I dette vesle rimet er det sambanda mellom bokstavane C og S som blir undersøkte. Dei uttrykkjer det same, men er ikkje det same. I skilnaden mellom dei ligg det noko som berre finst i skriftspråket, ein meiningsskilnad mellom C og S som talespråket ikkje kan uttrykkja. Med dette blir det òg klart at skrifta er noko meir enn eit vedheng til talen. I diktet om O faldar eit anna av interessefelta til språkmaterialismen seg ut – undersøkinga av den grafiske sida ved skrift.

O, O, O

EIN LITEN RING

OM INGENTING