GLØR I OSKA (1946)

Olav H. Hauge debuterer med ei ujamn samling som på sitt beste peikar framover mot det som skal koma.

Forfattar
HADLE OFTERDAL ANDERSEN 

I denne boka er det berre dikt med enderim og som følgjer tradisjonelle rytmemønster, med fast veksling mellom trykklette og trykktunge stavingar. Når visse tekstar følgjer eit noko meir avslappa skjema, med urima verseliner inn imellom, er det ein inspirasjon frå folkevisene.

På dette tidspunktet hadde få norske forfattarar brote med den klassiske verselæra og funne seg eit modernistisk formspråk – først og fremst Sigbjørn Obstfelder, Kristofer Uppdal og Rolf Jacobsen. Hauges formval var altså ikkje eineståande uaktuelt, men plasserer han heller ikkje i fronten av den litterære utviklinga.

Tematisk er Glør i oska ei temmeleg splitra samling. Her er ordrike tekstar som i heller abstrakte og velbrukte vendingar uttrykkjer eit romantisk syn på verda, som ein stad som peikar mot ein meir ideal røyndom hisides det konkrete. Her er òg frodige folkelivsskildringar og tekstar som fortel sentimentale, skillingsviseliknande historier om enkeltpersonar det ikkje har gått godt med. Og så ein del tekstar der poeten uttrykkjer sorg og smerte over sitt stakkarslege tilvære.

Det originale, og viktige, ved boka er dei tekstane der han skildrar natur som blir gjord menneskeleg og fylt med den same eksistensielle smerta som ein elles finn i tekstane der han uttrykkjer seg om seg sjølv. Her oppstår det ein samklang mellom poetens indre og verdas ytre, i ei dobbeleksponering av endeframme sjølvportrett og psykologiske landskap.

Landskapet er ikkje idealistisk og refererer ikkje til det overjordiske, men vender seg innover, til dei personlege tildraga i den som uttrykkjer seg. Det er hans indre som breier seg over verda, i ei ekspansiv rørsle. I dette stykket tek Hauge sine første steg mot den modernistiske forma han gradvis utviklar i dei to neste diktsamlingane.

I seinare utgåver av Dikt i samling får Hauge sjansen til å gå over forfattarskapen sin på ny. Ein god del tekstar blir strokne, og nokre blir sterkt omarbeidde. Av alle utgjevingane sine er det denne debutsamlinga han då gjer størst endringar i.

Der er to meisterverk i boka, «Gartnaren drøymer» og «Svarte krossar». Særleg det sist nemnde diktet er sterkt. Rima fell så naturleg at ein mest ikkje merkar at dei er der, landskapet blir opna mot eit bilete som både er tydeleg teikna i sitt presise bilete og suggestivt utvidande i sine uklare, psykiske implikasjonar. Kanskje ligg det òg ei krigserfaring, ei kjenslemessig oppleving av å bu i eit okkupert land, baka inn i desse knappe, karrige linene.