Reidar Djupedal-samlingane

Ivar Aasen, Nynorsk i bruk, Ivar Aasen-tunet

Denne samlinga blei testamentert til Ivar Aasen-museet i 1987, overført til Ørsta i 1994 og har vore i Ivar Aasen-tunet frå 2000.

Språkforskaren og Aasen-kjennaren Reidar Djupedal (1921–89) si omfattande boksamling er gitt i gåve til Aasen-tunet. Kring 1990 rekna ein med at samlinga inneheldt rundt 14 000 band, men vår eiga registrering viser at samlinga er vesentleg større. Rundt 19 400 band er registrerte, i tillegg kjem vel 15 200 uregistrerte band, til saman 34 600 band. Samlinga inneheld bøker, periodika, småtrykk og særprent innan ulike fagområde, men med vekt på språk- og litteraturvitskap, og på i alle fall 15 ulike språk; hovudsakleg norsk, dansk, svensk, islandsk, færøysk og frisisk.

Reidar Djupedal-arkivet inneheld notat, manuskript, klipp, korespondanse m.m. frå og til Reidar Djupedal.