Solid fleirtal for nynorsk administrasjonsspråk

Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per MAgnus Finnanger Sandsmark
Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark er svært fornøgd med vedtaket om å halde på nynorsk som adminiatrasjonsspråk i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Sunniva Lund Osdal

Med eit solid fleirtal på 30 mot 17 stemmer vedtok Møre og Romsdal fylkeskommune i dag å halde på nynorsk administrasjonsspråk.

– Nynorsk kultursentrum er svært glade for at fylkeskommunen framleis skal ta eit særleg ansvar for å gjere nynorsk synleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Det solide fleirtalet er større enn ved sist votering, i 2016.

Fylkestinget samla seg også om tre tiltak som kan gjere det enklare å vere nynorskbrukar i vidaregåande opplæring:
Dei vidaregåande skulane skal bruke det språket som vertskommunen brukar.
Elevane skal ha tilgang til lærebøker og digitale læremiddel på både nynorsk og bokmål
Dei vidaregåande skulane skal leggje til rette for at det skal vere like lett å halde på språket sitt for nynorskelevane som for bokmålselevane.

–  Eg ser fram til at fylkeskommunen omset desse vedtaka til praksis, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Møre og Romsdal har 16 kommunar med nynorsk språkvedtak, 10 språknøytrale kommunar og 1 fylkeskommune med nynorsk språkvedtak. – Vedtaket i dag speglar det særlege ansvaret Møre og Romsdal fylkeskommune bør ta for nynorsk, avsluttar Sandsmark.