Gamle grendi

Tidt eg minnest ein gamal gard
med store tre og runnar,
vollar, bakkar og berg og skard
og blomster på grøne grunnar.
Der eg hadde meg so godt eit rom;
hus og mark med både bær og blom.
Alt eg nøytte som ein eigedom
med både lut og lunnar.

Der var dalar og lier nog,
der lur og bjøllor klungo;
der var ruster og fager skog,
der tusund fuglar sungo.
Tett med stova stod ei bjørk so brei,
der hadde skjorene sitt gamle reid,
staren song i kvar ein topp som beid,
og erlor i tunet sprungo.

Heime var eg so vida kjend
og slapp inn kvar eg vilde
i kvart hus i den heile grend,
om endå folket kvilde.
Der var kjenningar i kvar ei krå,
og når eg ukjende folk fekk sjå,
spurde eg radt kvar dei var i frå,
og dei var like milde.

Var det nokon som der leid vondt
og vart fyre tap og spilla,
brått det spurdest om bygdi rundt,
og alle tykte det var illa.
Ofte minnest eg mi gamle grend,
når eg framand uti verdi stend,
heimlaus, frendelaus og lite kjend,
og likar på leiken ille.

Tekst
Ivar Aasen

Melodi
Rasofiel Rise

Kjelde
Songbok for pensjonistlag og andre lag, red. Ivar Grimstad, 2. utgåva 1987.