Storstila opning av Vinjesenteret

Meir enn 3300 gjester deltok på Litteraturdagar og opningsarrangement for Vinjesenteret for dikting og journalistikk i helga. 

– Tilbakemeldingane frå publikum er overveldande, seier arenaleiar Kristian W. Rantala. – Det er så fint å gå her. Eg blir så rørt at eg berre vil grine, sa ein av meir enn 600 gjester som vandra gjennom utstillinga i Vinjesenteret opningshelga.

Unikt museum
Museumslandskapet har fått eit nytt tilskot, eit museum som formidlar dikting og journalistikk kvar for seg, og saman. Dette er ei tematisk tilnærming Vinjesenteret er åleine om som museum i Norden, og kanskje i heile verda.

Direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås sa i si helsingstale at både journalistikken og diktinga kastar lys over liv. – Når journalistikken er på sitt aller beste, er den litterær. Når diktinga er på sitt fremste, er den sann, sa Åmås.

Det er meir enn 10 år sidan Vinje kommune først tok kontakt med Nynorsk kultursentrum for å høyre om det var grunnlag for samarbeid om noko som sette litteraturen frå Vinje på kartet. Takka vere mange gode krefter er Vinjesenteret no ein realitet. – Samtidig er det no først det tek til, når publikum endeleg får bli ein del av dette og leggje sine forteljingar og tolkingar inn i det vi presenterer, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, sa det slik ved opninga: – Dette er eit senter ein får glede av og ikkje minst nytte av. Nynorsk kultursentrum vart sterkare i dag, de har fått ein ny muskel her på Vinjeflaten.

Innhaldsrike samtalar
Gjestene på Litteraturdagane fekk oppleve strålande konsertar og gode samtalar om litteratur som opna nye dører til kunnskap. Odd Nordstoga varma dei 500 gjestane som møtte han på heimebane, det som ein gong var fotballbana på barneskulen hans.

Dei litterære samtalane spende frå samtidslyrikk og rap-tekstar til omsetjing av norsk litteratur. Fire omsetjarar av Tarjei Vesaas sine romanar fortalde om utfordringane med å formidle både stemningar, innhald og omgrep til andre språk. I Frankrike blir eit utbroderande språk sett på som nødvendig for god litteratur, og kva gjer ein då med Vesaas sine korte, konsise setningar? Då er det enklare å omsetje til japansk der ein er vane med dei enkle verkemidlane.

Opne for museumsbesøk
Etter denne helga er dei tilsette på Vinjesenteret meir enn klare til å ta imot publikum på museumsbesøk. Senteret ligg like ved E134 og er ope fem dagar i veka.

Vinjesenteret er den tredje arenaen til Nynorsk kultursentrum, og kompletterer og utvidar perspektivet til dei andre arenaene, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta. Saman bidreg arenaene til å nå visjonen om å bringe språk, kultur og kunnskap til heile landet.