Stortinget ser nynorskbrukarane, men endrar ikkje det viktigaste

Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark
Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

I dag la familie- og kulturkomiteen på Stortinget fram innstilling til språklova. – Stortinget ser godt kva nynorskbrukarane treng, men fleirtalet lét vere å gjere avgjerande lovendringar som hadde styrkt nynorsken, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

I Granavolden-plattforma i 2019 var Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti samde om ei språklov som fører vidare prinsippa «i lovverket i dag knytt til jamstilte målformer».

– Det gjorde ikkje regjeringa då dei i lovforslaget i 2020 reduserte kravet til statstilsette om å kunne bokmål og nynorsk frå ei tenesteplikt til eit mogleg krav, seier Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum koordinerer Nynorsk forum, med 17 nynorskorganisasjonar, som er samde om at lova hadde vore vesentleg betre med å framleis krevje at statstilsette kan både bokmål og nynorsk.

– Prinsippa i lova er gode, men dei blir ikkje følgde opp i dei paragrafane som regulerer den daglege bruken av nynorsk i staten og fylkeskommunane. Utan svært offensive leiarar og tilsette i offentleg sektor kan lova føre til mindre nynorskbruk i offentleg sektor. Det er urovekkjande, seier Sandsmark. Han meiner òg det er synd at Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ikkje har samla seg om eit klart alternativ.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum registrerer at eit stort fleirtal i komiteen ønskjer å evaluere lova og vurdere sanksjonar, men at dei ikkje har blitt samde om korleis.

– Eg vonar uansett vi får ei evaluering i nær framtid. Då får vi sett kva resultat lova har hatt så langt. Det er eit godt høve til å justere kursen og om nødvendig leggje inn sanksjonar, seier Sandsmark.

Stortinget gjer viktige presiseringar
Stortingsfleirtalet har samla seg om viktige presiseringar om nynorsk i skulen og kulturlivet som medlemene i Nynorsk forum har vore samla om. Regjeringspartia har gått i hop med dei raudgrøne partia om å styrkje tiltaka for nynorsken på fleire område. 

– Det er svært positivt at ulike fleirtal bed om tiltak for nynorsk i barnehagen, digitale læremiddel i grunnskulen og pensumlitteratur for høgare utdanning, seier Sandsmark. 

Lovfestar språkmangfald og mindretalsrettar 
Språklova er historisk. Breie fleirtal i Stortinget ser ut til å samle seg om å styrkje norsk språk, fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk, og sikre vern og status for dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.  

– Dette er i seg sjølv ein solid siger for språkmangfaldet i Noreg. Lovverket går no lenger enn berre å regulere kva språk ein skal skrive i staten, og gir i tillegg lovmessig vern for språkmangfaldet i Noreg, seier Sandsmark. 

Nynorsk kultursentrum meiner dei største styrkane med den nye lova er at alle offentlege organ må ta særleg omsyn til nynorsk, utover minstekrava i lova, at staten må bruke ein viss del nynorsk så lenge det er minst éin nynorskkommune i området, og at fylkeskommunane får auka språkansvar. Den største svakheita i språklova er at staten berre «skal kunne krevje» at tilsette med sidemålsopplæring kan skrive nynorsk og bokmål, og at det ikkje er eit absolutt krav.