Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum, lisens CC BY-SA 4.0

Tarjei Vesaas-jubileum 2022

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd. Han er ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg, og mottok Nordisk råds litteraturpris for Is-slottet i 1964, som den første norske forfattaren. Forfattarskapen er tydeleg representert ved Vinjesenteret, som opna i august 2021. Nynorsk kultursentrum vil også med støtte frå  Kulturrådet, Vinje kommune og Bergesenstiftelsen markere jubileumsåret ved fleire høve. 

Arrangement i Nynorsk kultursentrum sin regi i samband med Vesaas-jubileet: 

  • Is-slottet, Ice Music Festival, Ål 
    4.–6. februar samarbeider Nynorsk kultursentrum med ismusikkfestivalen på Bergsjøstølen i Ål kommune om å heidre Vesaas og litteraturen hans. Kunst- og designstudentane ved Universitetet i  Bergen vil dekorere festivalarenaen, inspirert av Is-slottet. Laurdag og søndag får publikum ei unik oppleving med komponist og musikar Terje Isungsets isperkusjon og skodespelar Arnhild Litleré som les Tarjei Vesaas’ tekstar frå Is-slottet 
  • Skulebesøk   
    8.–10. februar får alle yrkesfag- og påbyggelevar som har norskfag ved Ål vidaregåande skole besøkje festivalområdet på Bergsjøstølen, og høyre Vesaas-foredraget «Dei store gåtene og den gode viljen» av Stein Versto. Tilbodet er eit samarbeid med Ål kommune, som 2021 vart kåra til «Årets nynorskkommune» av Kulturdepartementet og Språkrådet.

     

  • Foredrag på Hemsedal bibliotek 
    11. februar kl. 13 held Stein Versto foredraget “Dei store gåtene og den gode viljen” ved det nynorske pilotbiblioteket i Hemsedal, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum.   

Les meir her: https://www.nynorsk.no/tarjei-vesaas-aaret-2022/ 

  • Festspela i Ørsta, 9.–13. juni  
  • 20.  august 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd 
  • Litteraturdagane i Vinje, 26.-28. august  
  • Is-slottet er eit tilbod til vidaregåande skular i Den kulturelle skulesekken, hausten 2022 og våren 2023.

     

Tips om andre arrangement i Vesaas-året (ikkje totaloversikt):

  • Fuglane av Tarjei Vesaas på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
    I jubileumsåret til Tarjei Vesaas hentar Det Norske Teatret fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen. Fuglane blei første gongen dramatisert av skodespelar Nils Sletta ved Det Norske Teatret i 1997, og blei ein stor kunstnarleg siger. No er det den belgiske regissøren Luk Perceval som gir seg i kast med teksten. 
    Les meir her eller sjå utdrag her. 

Nettstaden blir vidare oppdatert hausten 2022.