Tilbake til alle utstillingane

Aleine saman – korona og kulturen

Bilete frå utstillinga Aleine saman. Tekst at Sirkel Sag.

Kva skjer med oss når det uventa plutseleg hender?

Koronapandemien førte til at samfunnet brått blei stengt ned torsdag 12. mars 2020. Dagane vidare, fram til alle tiltaka mot virusutbrotet ein gong blir oppheva, pregar samtida – og dette kjem til å vere ein stor del av forteljinga om oss i ettertida.

Mange blei engstelege, isolerte og aleine. Samstundes blei det ei påminning for oss alle om kor viktig det er med samhald, håp og fellesskap.

Nynorsk kultursentrum ville bidra til å skape kunst og ytringar som spegla denne spesielle tida. Vi engasjerte derfor ulike skrivande, teiknande, syngjande og forteljande kunstnarar og kunnskapsformidlarar til å dele opplevingar og tankar.

Fleire av bidraga finn du her i denne Aleine saman-utstillinga. Alle dei 70 bidraga finn du på nynorsk.no.

Så kom dei stille dagane
hamrande ned over oss
Vi såg på kvarandre

sjenerte igjen
fine igjen
redde igjen

Utdrag frå diktet «Dei stille dagane» av Tore Renberg (2020)

Praktisk
Utstillinga består av:
– 1 stk. info-plakat (med informasjon om utstillinga)
– Utstillingskatalog (50 stk. pr. bestilling)
– 16 stk. hyllemodular (plasserast inn i bokhyller i biblioteka)

Storleik
Hyllemodulane er 25×25 cm.

Utstillinga er oppteken i: Mars, april, mai.

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur. 

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

  • Dato:
  • Stad:Haugesenteret
  • Kurator:Per Magnus Finnanger Sandsmark, Geir S. Netland og Jorid Lekve Eide
  • Samarbeidspartnarar:Overhaus (Formgjevar)