Den som diktar, byggjer bruer

I ein spesialskriven tekst i denne utstillinga omtalar Brit Bildøen seg som dregen mellom øya og byen.

Ho debuterte med diktsamlinga Bilde av menn i 1991. Hausten 2004 blei ho den første kvinnelege nynorsk-forfattaren med hovudbok i ein bokklubb, med romanen Alt som er.

Les meir Brit Bildøen på allkunne.no.

Eit utval av Bildøen sine eigne tekster og gjendiktingar er sett saman for å gi eit bilete av den mangfaldige forfattarskapen hennar. Fotografia i utstillinga spelar opp mot tekstane samstundes som dei fortel si eiga historie frå øya, via sundet, fastlandet, ferja og til slutt brua.

Brit Bildøen var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2001.

Utstillinga er oppteken i veke:
Tilgjengeleg for utlån

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no