Kort sagt: stort tenkt. Ei utstilling om noveller

Ei fortetta stemning av uhygge, eller like gjerne livsglede, er ofte eit kjenneteikn på ei novelle.

Når litteratur skal formidlast over få sider, er det ikkje plass til eitt unødvendig ord.

– Eg skriv kort, deretter stryk eg, har festspeldiktar ved Dei nynorske festapela i 2010, Rønnaug Kleiva, sagt om korleis ho skriv.

I temautstillinga Kort sagt: stort tenkt, som blei laga til Dei nynorske festspela dette året, opnar vi for å sjå på fleire sentrale spørsmål som knyt seg til novellesjangeren. Kleiva har skrive bøker i fleire sjangrar, men den knappe stilen særmerkjer forfattarskapen hennar heile vegen. Ho har dessutan gitt ut to novellesamlingar. Det var difor naturleg at ei temautstilling der Kleiva skal vise att, dreiar seg nettopp kring novelle- og kortprosatekstar.

Novellesjangeren har røter attende til 1300-talet, då Giovanni Boccaccio skreiv meisterverket Dekameronen.Her står den levande forteljesituasjon sentralt. Sidan har sjangeren utvikla seg og blitt like variert som dialektmangfaldet i Noreg. Det er vanskeleg å gi eit eintydig svar på kva ei novelle er i dag. Kanskje var den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe inne på noko då han skreiv at novella skal kunne lesast i one sitting?

Det er i alle høve klart at kontrastane i sjangeren er store. Både vekeblad- og krimnoveller finst i utal. Samtidig synest det som sjangeren har nokon av dei strengaste litterære krava i skjønnlitteratur i det heile.

Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Ottar Grepstad

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no