Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902

Den store salmediktaren som ikkje var prest, den kjedelege stortingsmannen, språkgeniet, mannen som kristna landsmålet.

Mykje kan seiast om Elias Blix, og det blir det også gjort i temautstillinga Ordets sølvsmedkunstnar – Elias Blix 1836-1902.

Blix står att som vår fremste salmediktar den dag i dag, og i 2011 blei det feira 175-årsjubileum for diktaren frå Nordland.

Nynorsk kultursentrum laga ei utstillinga om Blix i 2002 med tittelen Mannen som kristna landsmålet. No var det tid for ein total revisjon av utstillinga, særleg sett i lys av at fleire sentrale verk er komne dei siste åra.

Blix-biografien Ein betre vår ein gong av Anders Aschim er slik sett svært viktig. Det er også doktoravhandlinga Gudsord og folkemål – framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908, skriven av Per Halse. Det gjorde at det faglege grunnlaget for utstillingsarbeidet var heilt annleis.

Kurator:
Anders Aanes, Kjersti Markegård, Kirsti Langstøyl, Ottar Grepstad

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (4 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no