Plansje frå utstillinga Stille musikk

Det munnlege var det vanlege. I fleire tusen år var skrift noko spesielt.

Forteljingar skulle høyrast og hugsast, og musikk opplevast med heile kroppen. Lenge hang difor litteratur og musikk saman. Det gjer dei framleis i munnlege kulturar.

Først frå 1700-talet gjorde vår skriftkultur det vanleg å lese innanboks. Stille lesing og dikting på papir frigjorde litteraturen frå tronge, bundne former.

Mellomalderens makter fordømde det kroppslege og erotiske ved musikken. Samspelet mellom kropp, sjel og lyd levde vidare i leik og dans, men blei ein provokasjon i rockemusikkens nye uttrykk frå 1950-åra.

I dag er musikken framleis munnleg, medan diktekunst er blitt skriftleg. Kva har då musikken å seie for litteraturen?

Stille musikk er ei temautstilling om språk, musikk og litteratur som opna i Aasen-tunet 26. juni 2008 under Dei nynorske festspela, og utstillinga var å sjå i basisustillinga fram til oktober same året.

Utstillinga er oppteken i veke:
Tilgjengeleg for utlån

Kurator:
Ottar Grepstad, Eirik Helleve, Marit Nergaard, Kirsti Langstøyl

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk), rullebanner 80 x 200 cm (3 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no