Utbrytaren Marie Takvam

Marie Takvam (1926-2008) var den folkekjære og omstridde diktardronninga.

Marie Skylstad blei fødd i 1926 på Skylstad i Norangsdalen, Ørsta, tok eksamen artium i 1946, gifta seg til namnet Takvam og har budd i Oslo og omegn mest heile sitt vaksne liv. Frå og med debutboka i 1952 har ho i alt gitt ut ti diktsamlingar. Dikt i samling kom i 1997. Ho har også laga tallause barnetimar og gitt ut to skodespel, to romanar og ei barnebok.

Hennar verk er utbrytarens poesi. Uredd og sterk sette ho tidleg ord på eit kvinnemedvit som no er ganske allmenne oppfatningar, men som då var radikal opposisjon. Med sitt varme smil har ho ikkje alltid følgt alle normer som finst, verken i samfunnet eller i rettskrivinga. Samstundes har ho skapt tilgjengeleg kunst av dei nære ting.

Det skal stor kunst til for at det omstridde kan bli høgt verdsett. Marie Takvam var ein slik kunstnar.

Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Marit Nergaard, Ottar Grepstad

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (formgiving), JMS Grafisk (produksjon)

Storleik (ferdig montert):
Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Vi låner gjerne ut utstillingar til bibliotek, museum, skular, kulturhus og andre som ønskjer ei utstilling om språk og litteratur.

Sjølve utstillinga er gratis å låne, men de må betale returfrakt. De kan også finne ein ny aktør å sende vidare til så kan vi gjere vidare avtale.

For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no