Aleine saman – korona og kulturen

Erlend Kaasa - Endeleg fred

ENDELEG FRED 

Brått blei det endeleg
Heilt uavvendeleg
Ein vind slo dørene att
i natt

Ein syrleg soloppgang
med klokkekim og vardebrann
Me drog gardinene ned
Så blei det endeleg
fred
Det blei endeleg fred

Så var det endeleg
Tungt og ubendeleg
Eit folk held pusten i lag
i dag

Her er så ugjenkjenneleg
Stilt og forunderleg
Måtte stake ut ein heilt ny veg
På den vegen fann me endeleg
fred
Der fann me endeleg fred

 

©  Kaasa / Kaasa 2020 

Erlend Kaasa. Foto: Samlaget

Erlend Kaasa (f. 1976) forfattar og musikar frå Vinje i Telemark. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen og arbeidar som lærar. Debutromanen Thunder Road kom i 2009. 

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre