Einar Økland opnar Poesifestivalen

Bilete av Einar Økland og Karoline Brændjord
Einar Økland og Karoline Brændjord. Foto: Tove K Breistein / May Therese Vorland.

Eit av landets beste liveband Valkyrien Allstars, den allsidige forfattaren Einar Økland og vinnar av Tarjei Vesaas» debutantpris 2020 Karoline Brændjord, er nokon av dei som gjestar Olav H. Hauge si heimbygd festivalhelga 9.-11. september.

Alt torsdag 8. september tjuvstartar Poesifestivalen med langlesing av Hauge på Litteraturhuset i Bergen. 

– Tema for årets festival er Fri. Det poetiske språket gir rom for å skapa ei utvida forståing, og dette er noko av det me ynskjer å utforska i det litterærare programmet, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret.

Litteraturforskar Fredrik Parelius er årets Hauge-førelesar og poet Jo Eggen samtalar med forfattar Ingrid Nielsen i Hauge-samtalen. Hauge-stipendvinnaren frå 2021, Endre Olsen, kjem tilbake til Ulvik med fullt band og urframføring av si komande plateutgjeving.

Publikum får også i år oppleve langlesing av Hauge-dikt. Eli Fossdal Vaage, Aina Villanger og Odveig Klyve les alle kvar si diktsamling.

– Olav H. Hauge sin forfattarskap er grunnfjellet me byggjer eit breitt og variert festivalprogram på, seier programansvarleg for Poesifestivalen Jorid Lekve Eide. Nytt av året er programposten «Unge lovande» med studentar frå Skrivekunstakademiet i Hordaland. Skrivekollektivet Blomster&Bureau inviterer til samtale om årets festivaltema med poetane Priya Bains og Karoline Brændjord.

Den verdskjente musikaren Nils Petter Molvær og poeten Odveig Klyve fører ein samtale gjennom poesi og musikk. Det blir høve til fleire musikalske opplevingar med Bjørn Tomren, Susanna, Frode Grytten Beat Band og folkemusikktrioen Morgonrode.

Det er 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og Poesifestivalen feirar den store diktaren i eit program i ord og tonar med forfattar Stein Versto og spelemannen Knut Hamre. 

– Endeleg kan me opna dørene til full skala festival igjen slik me sist gjorde i 2018, avsluttar programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Sjå det fullstendige programmet til Poesifestivalen

Bilete frå Poesifestivalen 2021
Poesifestivalen 2021. Foto: Nynorsk kultursentrum