Forfattarane Helene Guåker og Hilde Myklebust besøkjer skular på Sunnmøre

Helene Guåker(t.v.), Foto: Iris Engen Skadal. Hilde Myklebust(t.h.), Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal er godt i gang med turneane i fylket. Forfattarane Helene Guåker og Hilde Myklebust besøkjer skuleklasser på skular, bibliotek og kulturhus i månadsskiftet mai–juni.

Forfattar Helene Guåker besøkjer klasser på ungdomstrinnet i Ålesund, Harøy, Herøy, Sande, Sykkylven og Stordal. Ho vil snakke med elevane om boka si Høgspenning livsfare og vanskelege tema som psykisk helse, identitet og utanforskap. Høgspenning livsfare handlar om Lea som går på vidaregåande og bur på hybel, men ikkje har venner. Og heime på garden ligg mamma i senga og er sjuk. For å få seg venner gjer Lea seg om til smarte, kule og morosame Vilde. Men så skjer det noko som gjer at Vilde forsvinn og Lea ikkje greier å vere nokon annan enn seg sjølv.

Forfattar Hilde Myklebust er aktuell med barneboka Ylva og villgeitene, og skal besøkje 1. og 2. klasse ved Larsnes oppvekstsenter i Sande kommune. Boka handlar om Ylva, som er på ei spennande oppdagingsferd i fjøresteinane. Forteljinga handlar om å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

– Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka og skulane. Vi vonar det blir gode stunder med rom for refleksjon rundt vanskelege tema og omsorg for andre, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.

Med prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Biblioteka er ansvarlege arrangørar og har system for påmelding, informasjon og smittevern i samsvar med gjeldande koronarestriksjonar.

Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane som deltek, og andre aktørar med regional forankring.

Det står meir informasjon om prosjektet her, og om arrangementa på Facebook-sidene til biblioteka. Du kan også følgje prosjektet på Facebook-sida til Litteraturhus i Møre og Romsdal.