Aleine saman – korona og kulturen

Valgerd Svarstad Haugland – Om politikk og offentleg forvalting i koronatider

Vi kan alle synast at vi har det vondt og vanskeleg i desse koronatider, men det finst grupper som i større grad enn vanleg treng at vi ser dei.

12.mars sat eg på toget frå Røros og høyrde på pressekonferansen til regjeringa og helsestyresmaktene. Eg var på veg heim frå eit avlyst Vinterfestspel i Bergstaden. Opninga skulle ha vore 12. mars, men vi fekk melding om at vi måtte avlysa heile arrangementet. Som styreleiar for festspela var eg bekymra for økonomien. Ville vi gå konkurs? Ville vi klara å betala ut kostnadane våre? Spørsmåla var mange og svara få på det tidspunktet. Togturen førte meg rett heim i karantene (eg hadde vore i utlandet rett før), og vi vart aleine saman.

Karantene eller ikkje, ein jobb skulle gjerast. Fylkesmannsembetet i Oslo og Viken har over 1,9 million innbyggjarar. Og vi sette krisestab!

Det var mange problemstillingar på bordet. Korleis skaffa nok utstyr til kommunane for oppfylging av innbyggarane? Smittevernutstyr var mangelvare, og vi vart eit mellomledd mellom kommunane og helseføretaka/staten.

Daglege Skype-møte med kommunar, helseføretak, diverse statsrådar, direktorat, tilsyn o.a. vart kvardagen min, men ei uro oppstod ganske kjapt. Korleis står det til med dei minste og mest sårbare? Mange familiar fekk god tid saman, og der alt fungerte godt, var det ei positiv oppleving, sjølv om kombinasjonen heimekontor, heimeundervisning og barnehageborn nok vart ganske frustrerande og slitsam til tider.

Som ein del av oppfylginga vår kartla vi frå mars og utover om kommunane var urolege for tilbodet til borna. Det var mykje uro frå mange, og tiltak vart sette i gang. Kommunane tok dette oppdraget på alvor og sette i gang ulike tiltak for å fanga opp dei som trong det. Eg trur likevel ikkje at alle born som burde fått eit tilbod, fekk den hjelpa dei skulle hatt. Det var ikkje like lett å nå og oppdaga alle. Opne skular og barnehagar beskyttar sårbare born. Det vart langt færre meldingar til barnevernet etter at skular og barnehagar stengde. Og då dei vart opna, steig talet på meldingar. Det seier sitt!

Borna som lever i familiar med vald og/eller rus, blir dei store taparane i ei slik tid. At små born blir utsette for vald og overgrep av dei som skal ta vare på dei og gje dei omsorg og tryggleik, er vanskeleg å forstå, og så vondt å tenka på at det nesten er umogleg. Vi veit at overgrep og vald mot barn skjer. Vi må våga å ta innover oss og tenka på det utenkelege, sjølv om det er ubehageleg. Om vi som vaksne synest det er tøft, vondt og vanskeleg å ta innover oss at slikt skjer, korleis er det då for dei borna som opplever å bli utsette for vald og overgrep av folk i nære relasjonar?

Barn treng kompetente og trygge vaksne rundt seg som tar ansvar og bidrar til at dei får eit trygt og godt oppvekstmiljø.

Igjennom heile sommaren har 10 prosent av kommunane våre meldt inn at dei har tenesteutfordringar som går utover tilbodet til barn og unge. I tillegg rapporterer kommunar at smitteutbrot etter sommaren som fører til rask stenging av skular og heimeundervisning, går utover denne gruppa. Kvar veke les vi kommunane sine rapportar og tar kontakt med dei som vi ser treng det. Vi kan gje råd og rettleiing der vi ser det trengst.

Mange av dei sårbare borna fekk det ekstra vanskeleg under stenging av i barnehagar og skular. No er vi nok ein gong inne i ei vanskeleg tid med stadige utfordringar på grunn av koronaviruset og må ikkje gløyma dei mest utsette.

Frå vår side trappa vi opp tilsynet med barnevernsinstitusjonar og prata med mange born i denne perioden. Vi spurde korleis dei hadde det under pandemien. Mange svarte at dei merka ikkje så stor skilnad, men at dei måtte halda avstand. Dei fortalde òg at dei måtte vaska hendene sine veldig ofte. Fleire syntest dei hadde det koselegare fordi dei gjorde meir saman med dei tilsette og var meir på avdelinga si. Ein samtale mellom to gutar som bur på same institusjon, gjekk slik:

1.gut: «Vi har vasket hender mer og holdt én meters avstand. Ellers har vi måttet ha én koronavenn.»
2.gut: «Hvem har vært din koronavenn da?»
1.gut: «Du vel!»

Vi såg òg at fleire var glade for heimeundervisning, medan andre ikkje klarte å konsentrera seg slik dei klarte det i klasserommet. Fleire av dei som vart mobba på skulen, fekk fred, noko dei var glad for.

Det som er heilt sikkert, er at det ikkje er berre oss vaksne som blir påverka av koronatilstandar. Heimekontor, fulle bussar, trikkar og tog, smittefare, avstand, avlyste utanlandsreiser osv. er eigentleg bagatellar sett i eit vidare perspektiv. Internasjonalt sett er vi kjempeheldige her i Noreg, trass i mange enkelthendingar som er vonde. Dersom vi ser ut over våre eigne grenser, så er det katastrofalt for mange, inklusiv mange born og unge. Vi må gjera det vi kan her heime for å førebygga og lindra, men vi bør òg sjå på den internasjonale katastrofen og ta vår del av ansvaret.

© Valgerd Svarstad Haugland, fylkesmann i Oslo og Viken

Valgerd Svarstad Haugland (f. 1956) frå Kvam i Hardanger er utdanna lærar og tidlegare statsråd. Ho var den første kvinnelege partileiaren for Kristeleg Folkeparti og ein profilert politikar ved inngangen til 2000-talet. Svarstad Haugland er i dag fylkesmann i Oslo og Viken.

Les meir på: