Barn og unge

Den kulturelle skulesekken

Nynorsk kultursentrum er den institusjonen som lager flest nynorske musikk-, litteratur- og teateropplevingar for Den kulturelle skulesekken. Vi samarbeider med forfattarar, musikarar, dramatikarar, skodesepelarar og regisørar for å skape dei beste opplevingane for barn og ungdom.

Dersom du har spørsmål om produksjonane våre eller kanskje ein idé til ein ny så kontaktar du oss på post@nynorsk.no.

Digital lesestund

Nynorsk kultursentrum sine formidlarar inviterer til digital lesestund med ulike nynorske barnebøker.

Digital poesiverkstad

Bli med inn i poesiverkstaden! Her har vi samla spennande, rare og morosame skrivetips frå ulike forfattarar som kan hjelpe deg å kome i gang med skrivinga. Oppgåvene kan brukast i skulesamanheng eller for dei som likar å skrive på fritida.

Bok på 1-2-3

I samband med Bokåret 2019 tilbyr Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker.

Undervisingsopplegga finn du her.

– Vi ønskjer at Bok på 1–2–3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vere prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, fortel Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

Ni barnebøker
I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har dei plukka ut ni barnebøker som dei vil presentere i løpet av bokåret. – Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.

Boktipsa og undervisningsopplegga vil vere tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider utover dette.

Formidlar Ida Aarflot Kornberg i Ivar Aasen-tunet og prosjektleiar ved Nynorsksenteret Guro Kristin Gjøsdal. Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Tverrfagleg
Bok på 1–2–3 er i hovudsak laga for barneskulen. – Vi ønskjer å vise korleis ein kan arbeide tverrfagleg med litteratur, seier Gjøsdal og Kornberg.

Til den første boka, Arkimedes og brødskiva, er det laga eitt opplegg for 1.–4. steg og eitt for 5.–7. steg. Bøkene og delar av undervisningsopplegga kan også nyttast i ungdomsskulen.

– Biletbøker er ikkje berre for dei yngste elevane. Bøkene inviterer også til analyse av tekst og bilete for dei eldste i grunnskulen, seier dei.

Pressemelding frå Nynorsksenteret 

For meir informasjon, ta kontakt med prosjektleiar ved Nynorsksenteret Guro Kristin Gjøsdal: guro@nynorsksenteret.no

Tunkatten.no

tunkatten.no du leike deg med ord, høyre songar og lydbøker, lære om språk, litteratur og dialektar på ein morosam måte.