Helge Torvund sine skrivetips

Helge Torvund er lyrikar, forfattar, psykolog og kritikar. Gjennom diktkammeret.no er han kanskje den her i landet som har oppmoda og rettleia flest til å skrive dikt. Les hans gode skrivetips her.

Legg eit eple på bordet. Studer det nøye; form, farge, overflate. Veg det i handa. Lukt på det. Bit i det. Smak på det.

Skriv det. Skriv anten slik at lesaren kjem så nær di oppleving av eplet som mogleg. Eller skriv ditt heilt originale epledikt. Om eit eple som kan dukka opp uventa på upassande stadar. Eit eple som kan kva som helst, når som helst. Som brått kan stå og blenkje framfor den du aller mest glad i og gi ho eller han ein uimotståeleg impuls til å gje deg ein kyss.

Helsing
Helge Torvund

Å sitja heilt i ro i fire minutt, for å sjå kva slags tankar og kjensler som dukkar opp i ein, er ein fin plass å starta. Noter stikkord. Ver merksam på små glimt av minne, irritasjonar, skam. Nøst opp trådane; ein slik tanke eller vag kjensle, kan fort føra til noko anna, eit større bilete, ein viktigare situasjon, ein samanheng du hadde gløymt.

Skriv ned alt du kjem på eller kjenner, og fokuser gjerne på det som gjev det størst ubehag. Skriv nådelaust. Gjerne under falskt namn.

Helsing
Helge Torvund

Tenk på skuggen av eit hus! Tenk på skuggen av eit tre, av ein sykkel, eit menneske, av eit tog som dreg forbi ei bygd. Tenk på skuggen av eit fly som fer over markene. Tenk på skuggen av ein fugl på kyrkjeveggen. Gå ut og sjå deg om. Kva slags skuggar ser du? Kva slags ulike skuggar finst det? Seine, raske, mørke, lyse, lette, tunge?

Skriv ned kva du ser, og vel deg ein skugge som du skriv ein tekst om. La gjerne skuggen vera den som snakkar. Kva slags røyst har den? Kvar søv skuggane?

Helsing
Helge Torvund

Legg ein gjenstand på bordet. Ein stein du har plukka med deg, eit strå frå vegkanten, ein kvist frå skogen, ein CD, ein ring, ein bit av noko, ei tomat, ein pengepung, eit munnspel.

Sjå lenge på gjenstanden. Ta på den. Løft på den. Stryk fingeren over den. Lukt på den.

Skriv ein kort tekst der du byrjar med å skriva noko om korleis gjenstanden ser ut. Skriv konkret og detaljert. Er den ru eller glatt? Er den ny eller gammal?

Sjå kva tankar du får av dette, skriv så desse òg ned.

Helsing
Helge Torvund

Konsentrer deg om lydane du høyrer der du er nå. Lukk augo og høyr kva slags ulike lydar du kan skilja ut. Kan eit rom vera stille sjølv om det er nokre lydar der? Ta med notisblokk og penn og noter deg alle lydane du høyrer når du går ein tur ut.

Plukk ut nokre av desse lydane og skriv eit dikt eller ein tekst om det dei fortel deg om verda. Bruk gjerne lydhermande ord i teksten. La orda lyda, synga, nynna, ha øyre eller vera stille. Skriv om støy! Skriv om ulike typar stillheit!

Helsing
Helge Torvund