Poesifestivalen 2022

9.–11. september

Om Poesifestivalen

Opplev lyrikk og musikk i poesi- og eplebygda Ulvik. Velkomen til poetisk folkefest i Hardanger! 

Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt.  Festivalen byd på eit lyrisk mangfald og tek pulsen på samtidspoesien. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen. 

Årets festivaltema er fri. Poesien er fri og kan bryta grenser. Sjølve ordet poesi er knytt til det å skapa noko nytt. Kva er det då som kjem til, og kva er drivkrafta i det poetiske?  

Gjennom poesien kan poeten uttrykka eigne livserfaringar og identitet, og bryta seg fri frå konvensjonar og maktspråk. Kva for fridom gjev dette poesien? I dagboka skreiv Olav H. Hauge:  
Kor ofte ser ein ikkje at ordi snur seg som krystallar, og gjev brått ei uventa ny meining! 

Denne helga i september tek Poesifestivalen heile bygda i bruk. I det tradisjonsrike ungdomshuset Elvatun finn du konsertar, Hauge-samtalen og festivalkro med lokale smakar på fat og i glas. Diktopplesing kan opplevast mellom epletre og sidergardar på landets einaste Frukt- og siderrute. I Haugesenteret finn du utstilling om Hauges liv og verk, lyrikk i mange former og museumsbutikk. Festivalen har òg arrangement i Hauge sin hage i tunet på Rossvoll.  

Ulvik herad er med i det internasjonale Cittaslow-nettverket og legg vekt på miljø, berekraft, lokale tradisjonar, innovasjon og gjestfridom. Under festivalen vil du møta engasjerte og gjestmilde frivillige på dei mange arenaene våre.  

Ver velkomne til ein innhaldsrik festival i Cittaslow-bygda Ulvik!  

Bli frivillig

Vil du vera med på laget som lagar fest, moro og unike opplevingar i Ulvik i september? På kvar festival er alle dei frivillige med på å gjera Poesifestivalen til ei unik oppleving for både utøvarar og publikum.

–Innsatsen til dei om lag  60 frivillige er heilt avgjerande for at me skal få til ein tre dagars poesifesten her inst i Hardangerfjorden. Festivalhjula går ikkje rundt utan desse engasjerte frivillige seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Som frivillig på Poesifestivalen får du gode opplevingar i eit godt felleskap. Du får òg nye bekjentskap med deg på vegen.

Som frivillig kan du melda deg som:
Poesivert
Arrangementsansvarleg
Sjauar
Poesisjåfør

Lurar du på kva arbeidsoppgåvene dine vil vera? Kva får du og kva må du sjølv bidra med? Meir informasjon finn du ved å trykke på knappen under.
Ynskjer du å bli frivillig på Poesifestivalen? Send ein e-post til post@nynorsk.no

Illustrasjonsbilete av frivillige under Poesifestivalen.

Praktisk informasjon

Arena og parkering

Haugesenteret
Promenaden 7, 5730 Ulvik

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km

Transport

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Nsb har daglege avgangar frå Oslo til Voss. Det same gjeld tog frå Bergen til Voss. Lokalbuss frå Voss til Ulvik. Ein times reisetid. Festivalen oppmodar alle sine utøvarar og gjester om å reise grønt og miljøvenleg, så sant det er mogeleg. 

Vy (tog)

Skyss  (buss) 

Rutefly fleire gonger dagleg til Flesland flyplass i Bergen. Herifrå er det drygt to timars reisetid med tog og buss til Ulvik.

Norwegian

SAS 

Overnatting og mat

Ulvik har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping. Ulvik har også ei eiga tretopphytte og fleire Airbnb i naturskjønne omgjevnader. 

Ta gjerne kontakt med Turistinformasjonen  i Ulvik for meir informasjon. 

Her finn du arrangøren

Kontakt Poesifestivalen

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.

Geir Netland

ARENALEIAR

51 11 53 30, 90 03 82 86 / e-post

Jorid L. Eide

VERTSKAPS- OG PROGRAMANSVARLEG

56 52 70 70, 41 04 44 49 / e-post

Maria Fet

KOMMUNIKASJONSRÅDGIVAR (PERMISJON)

70 04 75 82, 98 02 19 48 / e-post

Tilskotsgivarar og samarbeidspartnarar

Tilskotsgivarar
Ulvik herad 
Vestland fylkeskommune
Sparebanken Vest
Fritt Ord
Kulturrådet

Samarbeidspartnarar
Brakanes hotell
Det Norske Samlaget
Frukt- og siderruta
Norsk Forfattarsentrum
Norsk kulturråd
Slow Food Hardanger
Ulvik herad
Venelaget Olav H. Hauge
Sprilt