Tilrettelegging for personar med nedsett rørsleevne (bevegelsesevne)
Det er lagt til rette med ramper for rullestol- og rullatorbrukarar der det er behov. I utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder. Alle etasjar er tilgjengelege med heis. Utstillinga er lagd slik at alt skal vere tilgjengeleg frå rullestol-høgd.
Det er stolar og andre sitjemøbel i alle rom i utstillinga, bortsett frå eit mindre rom for temautstilling.
Tilrettelegging for personar med nedsett syn
Lyspunkt er plassert, og me nyttar kontrastfargar, slik at mest mogleg er lesbart for flest mogleg. Det er diverre ikkje punktskrift eller audiogaid i utstillinga.
Me har nokre element i utstillinga som er taktile, og me har nokre lytte-stasjonar. Våre tilsette gir gjerne ein introduksjon til utstillinga.
Me tillét førarhundar i utstillinga og på arrangement.
Tilrettelegging for personar med nedsett høyrsel
Videoar i utstillinga er teksta, og me har gjort tiltak som gjer at lyd i minst mogleg grad smittar frå eit rom til eit anna. Det er diverre ikkje teleslynge ved Haugesenteret.
Tilrettelegging for personar som er kjenslevare for luft-, lyd- eller lysforstyrringar
Reinhaldsrutinane våre gjer at me held utstillingsareala så frie som råd for støv og pollen. Me bed tilsette og publikum vere varsame med bruk av parfyme og sterke luktar.
Lydelementa må oppsøkjast aktivt, og lyden er ganske avgrensa til dei områda.
Det er enkelte taktile element i utstillinga.
Det er vanleg lyssetting, og ikkje bruk av strobelys eller liknande.
Dyr
Det er tilgang for førarhundar og servicehundar i utstillinga. Me reingjer utstillinga slik at ho er så allergivenleg som råd.
Det er ikkje tilgang for andre dyr innandørs på våre arenaer.
Toalett
Toalettet vårt ligg i andre høgda, er tilgjengeleg med heis og er eit hc-toalett med stellebord.
Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)
Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på haugesenteret@nynorsk.no eller telefon 56 52 70 70.
Deltaking i fokusgruppe?
Me ønskjer å verte betre på universell utforming. Om du ønskjer å bidra i dette arbeidet ved å gi tilbakemeldingar om korleis me kan gjere det betre: kontakt oss på post@nynorsk.no. Me ønskjer å opprette fokusgrupper for alle utstillingar og arrangement, og der ønskjer me deltakarar med ulike behov.
- 1/1