Nytt frå Aasentunet

Bilete av Kari Stai

Kari Stai er festspeldiktar i 2023

– Eg vart nokså overrumpla og mållaus da eg vart spurt om å vere festspeldiktar! For ei ære!, seier forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai. No gler ho seg til å treffe publikum på Festspela i Aasentunet 8.–11. juni 2023.

Les meir
Bilete av Eva Weel Skram spelte for eit fullsett uteamfi i Aasentunet under Festspela 2022

Sterke forteljingar og kulturopplevingar på Festspela

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og lærerikt program under Festspela 2022. – Det har vore fantastisk å på nytt fylle uteamfiet. Vi er imponerte over publikum som ber om ekstranummer mellom regnbyene. Det har vore ei stor glede å få besøk av sterke forfattarar og dyktige kunstnarar i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik i Aasentunet.

Les meir

Smittevern

Nynorsk kultursentrum arbeider for å ta vare på tryggleiken til gjester og tilsette ved arenaene våre, og vi følgjer dei nasjonale smittevernråda.

  • Hugs handvask/handspriting før, under og etter besøket.
  • Personar som er smitta av korona, som sit i karantene, eller som har symptom på luftvegsinfeksjon (til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand), skal ikkje besøkje museet eller vere på arbeid.  
  • Vi oppmodar alle gjester til å halde seg oppdaterte på gjeldande nasjonale råd og retningslinjer, då desse kan endre seg.