Korleis kan litteraturen vere ein viktig reiskap for å forstå, utforske og arbeide med tema som identitet, sorg og tap? Og har vurderinga av litteraturen si rolle endra seg dei siste tiåra?
Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og forfattar. Han skriv både lyrikk, prosa og sakprosa. Jan Inge har arbeidd som journalist og i 2017 gav han ut det kritikarroste verket Nynorsk litteraturhistorie.
Marit O Kaldhol er årets festspeldiktar. Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga «Lattermilde laken» og har sidan skrive både romanar, noveller og diktsamlingar for barn og vaksne. Kaldhol skyr ikkje kompliserte tema i forteljingane sine, og er kjend for ein oppattakande, intens og tett skrivestil som fengjer lesaren. Språket er knapt og har få stilgrep, men sørgjer for presise og tydelege skildringar. Ho har fått fleire nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna for barneboka «Farvel, Rune» (1986).
Anne Kyong Sook Øfsti er familieterapeut og forfattar. I 2010 gav ho ut fagboka «Parterapi: Kjærlighet, intimitet og samliv i en brytningstid». I 2014 debuterte Øfsti som romanforfattar med «Si at vi har hele dagen» og i 2023 kom den andre romanen hennar «Det lille vi vet om mamma». Begge romanane utforskar eksistensielle og mellommenneskelege spenningar som oppstår når vi møter spørsmål om opphav, identitet og tilhøyrsle.
- 1/3
Anne Kyong Sook Øfsti Marlon Weston - 2/3
Marit O Kaldhol Fotograf Ma - 3/3
Jan Inge Sørbø Agnete Brun