Maria Lavik og Frode Flemsæter har begge personlege erfaringar knytt til odelsrett, arv og det å skulle selje heimgarden. Også på arbeid har dei skrive om og forska på denne tematikken.
Lavik og Flemsæter møter forfattar Guri Sørumgård Botheim til ein samtale om å selje familiegardane sine og kjenslene knytt til dette. Å forlate heimbygda og flytte til byen påverkar ikkje berre ein sjølv, men også dei ein har rundt seg. Korleis pregar sentraliseringa liva våre og samfunnet vårt?
Maria Lavik er forfattar og journalist. Ho kjem frå Eksingedalen og bur no i Oslo. I boka «Odelsskam» skriv ho ope og ærleg om eit val som ikkje berre påverkar ho sjølv, men som òg røyver ved både framtidige og fortidige generasjonar sine liv. Boka skildrar valet om å flytte "heim" eller ikkje, og den sterke kjensla av tilhøyrsle og plikt som odelsretten til ein slektsgard kan føre med seg.
Frode Flemsæter er førsteamanuensis i geografi ved NTNU. Flemsæter kjem frå Flemma på Nordmøre og bur i Trondheim. I doktoravhandlinga si skreiv Flemsæter om kor vanskeleg det er for folk å selje gardane sine. I fjor stod han i denne situasjonen sjølv. Flemsæter sitt arbeid ligg i skjeringspunktet mellom natur, kultur og samfunn. Han har òg skrive ei lang rekkje rapportar og artiklar om landskap, og om moralske oppfatningar om kva som er rett og galen bruk av naturen.
Guri Sørumgård Botheim har i diktsamlinga «Heime mellom istidene» undersøkt kva det vil seie å kjenne seg heime. I aktuelle «Høgfjellsmeldinga» skriv ho om konfliktar knytte til bruken av høgfjellet. Botheim flytta for tre år sidan heim att til Lesja og Dovre, etter mange år i Trondheim. Botheim har hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har også gått på Forfattarstudiet i Bø. I 2013 var ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Ho arbeider no som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.
- 1/3
Maria Lavik Tove K. Breistein - 2/3
Frode Flemsæter NTNU - 3/3
Guri Sørumgård Botheim Benedikte Skarvik