-
Frå utstillinga i Aasentunet André Hustoft Nesheim
Historia til samlingsstaden og museet i “Åse-garden” er lang og innhaldsrik. Tunet har vore ein viktig stemnestad heilt sidan Ivar Aasen si eiga levetid, og det har vore kontinuerleg museumsdrift her frå 1898 og fram til dags dato.
Då det første Ivar Aasen-museet opna sommaren 1898, som det første personmuseet i Noreg, var føremålet å huse gjenstandane Ivar Aasen etterlet seg etter eit langt liv på reise og i Kristiania. Tinga hans skulle endeleg “kome heim” til heimgarden, og folk skulle få sjå dei.
Etter kvart vart museumsdrifta flytt over i eit meir eldsikkert og publikumsvenleg bygg, som stod klart 4. august 1946. Bygginga av dette vart høgt prioritert i ei tid prega av okkupasjon og knappheit i byggematerial. Viljen var derimot stor for å redde historia etter Aasen frå materiell skade.
På slutten av 1990-talet såg ein igjen at historia til Aasen og språket han danna trong meir plass for å kome til sin rett. Den kjende arkitekten Sverre Fehn, kjend for bygg med modernistisk preg, fekk i heidersoppdrag å utforme både eit nytt bygg og rammer for ei ny utstilling i tunet. Då det nye hovudbygget opna 22. juni 2000, markerte det både eit framhald av tradisjonar i tunet og nye steg i arbeidet med den nynorske skriftkulturen.
25 år har gått sidan dei nye dørene til museet opna for publikum. I løpet av desse åra har over 350 000 små og store gjestar besøkt oss, og nye og gamle historier har vorte formidla i ulike høgder, former og fasongar. Gjennom utstillingar, omvisingar, forsking, kulturarrangement og festival held Aasentunet fram arbeidet med å syne og undersøkje kva språk betyr for menneske.
25-årsjubileet blir markert i Aasentunet torsdag 12. juni.