Hopp til hovudinnhald

Bøker og berekraft

Ein samtale om økolitteratur, klimaendringar og psykisk helse

NB! Arrangementet har funne stad

Er du interessert i økologi, natur, litteratur eller kva rolle klima kan spele for menneske si psykiske helse? Då er dette eit arrangement du ikkje vil gå glipp av!

Salen, Aasentunet Festspela 2025
13. juni 2025
15.15 / Fredag

Marit O Kaldhol, Guri Sørumgård Botheim og Knut Ivar Bjørlykhaug i samtale med Sondre Johan Chesney Kvamme.

Er du interessert i økologi, natur, litteratur eller kva rolle klima kan spele for menneske si psykiske helse? Då er dette eit arrangement du ikkje vil gå glipp av!  

I denne samtalen samlar vi tre etablerte stemmer som på ulikt vis utforskar forholdet mellom mennesket, naturen og litteraturen. Naturtap og klimaendringar er ei av vår tids største utfordringar. Korleis kan litteraturen brukast for å møte klimaangst og økosorg? 

Marit O Kaldhol er årets festspeldiktar. Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga «Lattermilde laken» og har sidan skrive både romanar, noveller og diktsamlingar for born og vaksne. Ho er kjend for å ikkje sky unna vanskelege tema i bøkene sine. Kaldhol har fått fleire nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna for barneboka «Farvel, Rune» (1986). 

Guri Sørumgård Botheim debuterte med romanen «Ramstein pensionat» i 2009. I 2016 gav ho ut «Heime mellom istidene», ei diktsamling om kva det vil seie å kjenne seg heime, om ansvar og om erindring som tinar fram. Aktuelle «Høgfjellsmeldinga» (2024) vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? 

Knut Ivar Bjørlykhaug er frå Nordvestlandet og bur på Nesodden. Han har doktorgrad i sosialt arbeid og sosialpolitikk. Bjørlykhaug er lærar og forskar ved VID vitskapelege høgskule. Han har dei siste åra forska på kjensler for naturen og  rettferdsarbeid, og reiser til Runde minst fire gongar i året.

Sondre Johan Chesney Kvamme er stipendiat i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda, og er tidlegare høgskulelektor i nordisk litteratur.

  • Portrett av Marit O Kaldhol som held i ein spikkekniv og ei grein.
    1/4
    Marit O Kaldhol Fotograf Ma
  • Eit bilde av Knut Ivar Bjørlykhaug ute ved sjøen i boblejakke
    2/4
    Knut Ivar Bjørlykhaug Privat
  • Portrettfoto av Guri Sørumgård Botheim
    3/4
    Guri Sørumgård Botheim Benedikte Skarvik
  • Portrettfoto av Sondre Johan Chesney Kvamme med raudrutetet flanellskjorte
    4/4
    Sondre Johan Chesney Kvamme Lea Albertsen
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2