Festspela 2022

9.–12. juni

Torsdag 9. juni

kl. 09.00

Blomar ved bauta

Ivar Aasen-statuten Ørsta

Om Festspela

Møt aktuelle forfattarar. Nyt konsertar ute i amfiet. Opplev teater, litteratur, musikk og kunst i Ørsta og Volda. Et god mat. Møt trivelege folk. Ver velkomne til Festspela!

Under festivalen yrer det av liv i Aasentunet. Amfiet blir fylt av opningshøgtid, underhaldning, pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater, gudsteneste og stemne. Utekafeen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker. I salen er det teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Utstillingane er opne og butikken har gode tilbod. Desse dagane kan alle finne noko for seg i tunet. 

Det er også arrangement på kafear, skular, barnehagar, bibliotek og andre stader på Søre Sunnmøre.   

Praktisk informasjon

Arena og parkering

Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca ein time med bil frå Ålesund sentrum.

Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen, men under Festspela har vi ikkje plass til alle.

Blir det fullt langs Indrehovdevegen, har vi avtale med grannar hos øvingsbana til NAF på andre sida av hovudvegen E39.

Rørslehemma

Under Festspela er det reservert tre parkeringsplassar for rørslehemma ved Indrehovdevegen. Diverre er ikkje parkeringa for rørslehemma i sjølve Aasentunet tilgjengeleg under Festspela, men alle som har behov for det får høve til å køyre opp i tunet. Bilen må deretter køyrast ned att. Treng du hjelp til dette, stiller vi gjerne opp. Vi reserverer elles alltid nokre plassar til rørslehemma nær scena i uteamfiet. Øvst i Salen på vestre side er det også plass til rullestolbrukarar.

Alternativ til bil

Generelt vil vi oppmode alle som har høve til å sykle, ta buss eller samkøyre med vener og naboar. Vi har eiga sykkelparkering, og busshaldeplassen Åsen er ikkje langt unna. Det går buss frå Volda og Ørsta minst éin gong i timen, og du kan orientere deg i FRAM-appen. Aasentunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet og parkeringsvakter i aktuelle periodar.

Transport

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda. 
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.

Ferjeruter Fjord 1 
Ferjeruter Tide

Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt. 

Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag. 
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund

Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.

Bussruter Nettbuss

Widerøe 
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo, 
dels direktefly, dels med mellomlandingar.

Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass. 

Flyruter Widerøe 


Norwegian og SAS 

Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.

Flyruter Norwegian
Flyruter SAS 

Overnatting og mat

Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping.

Her finn du arrangøren

Bli frivillig

Å vere frivillig under Festspela er både kjekt og sosialt arbeid, og ei unik moglegheit til å sjå kva som rører seg bak kulissene under ein festival. Som frivillig under Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Frivillig arbeid er òg ei nyttig erfaring å vise til om ein søkjer jobb eller liknande i framtida. 

Bilete av ein tunvert/frivillig under Festspela.a

Under Festspela treng vi hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, servering, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement og festspelfest med mat og drikke. Vi har teikna kollektiv ulykkesforsikring for frivillige. Denne gjeld dessverre ikkje dei som er fylt 70 år.

Dei frivillige er organisert i ulike grupper: 

Frivillig Arrangement 
Hjelpe til på arrangement som er på andre stadar enn i Aasentunet og bidreg med billettkontroll, møblering og anna organisering. 

Frivillig Born og unge 
Førebur aktivitetar og hjelper til der det trengs undervegs. 

Frivillig Tun 
Hjelpe til i butikk og kafé, med billettkontroll, og rydde uteområde. 

Frivillig Transport 
Køyre utøvarar til og frå flyplassen, hotellet og arenaer, varelevering og -henting. Vi har eigne bilar. 

Frivillig Rigg 
Førebuing til større arrangement treng fleire hender undervegs. 

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela ringjer du oss på telefon 70 04 75 70 eller sender ein e-post til post@nynorsk.no. 

Kontakt Festspela

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.

Olav Øyehaug Opsvik

ARENALEIAR

70 04 75 79, 97 13 01 53 / e-post